Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 31. oktober 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 2. november i tidsrommet frå kl. 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!

Les heile saka

Held tradisjon i hevd – lærte kunsten å lage soplimar

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. oktober 2024

Å lage soplimar var såkalla «eldsjøsarbeid» i gamle dagar – det vil seie at det var noko ein kunne gjera utan at ein hadde god belysning.  Onsdag kveld var det kurs i soplimproduksjon i fjøset på museet på Åsen.  Med Gudmund Kvendset som instruktør fekk kursdeltakarane god innføring korleis ein skulle utføre det gamle handverket.

Les heile saka

Utsett torsdagens foredrag med Johan B. Sira og Petter Ingeberg

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. oktober 2024

Nordmøre forsvarsforening, Nordmøre brigadeveteranforening og Norges veteranforbund for internasjonale operasjoner (NVIO) avdeling Nordmøre sitt foredrag med Johan B. Sira og Petter Ingeberg i Svorkasalen på Surnadal Kulturhus torsdag 31. oktober klokka 18:30, blir på grunn av vêrmeldingane utsett.

Les heile saka



Helgemesse i kyrkja

Innsendt av Bernt G. Bøe Onsdag 30. oktober 2024

Både vemod og lys pregar gudstenestene denne helga. Helgemesse – Allehelgens – er ein søndag med mange minne og sterke tankar.
Fast ledd er lystenning for kvar av dei som døde siste året. Pårørande får særleg invitasjon til kyrkja, der gudstenesta startar til vanleg til kl 11 i Todalen kyrkje.

Les heile saka



Inviterer til sopelimekurs

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. oktober 2024

Todalen historielag og Nordmørsmusea inviterer til soplimekurs onsdag 30. oktober klokka 18.00 på Åsen bygdemuseum.

Les heile saka

«Midtsommar i Surnadal» også i 2025

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. oktober 2024

Måndag føremiddag inviterte arrangørane av «Midtsommar i Surnadal» pressa til pressekonferanse for å fortelje om evalueringa av årets midtsommarfest, og planane dei har for 2025.

Les heile saka

Presisering frå kommunedirektøren

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. oktober 2024

Kommunedirektør Lars Inge Kvande ønsker å presiserer at midlane på gåvefond, inklusive gåver til Surnadal sjukeheim ikkje er inkludert i omdisponeringa av fondsmidlar til disposisjonsfondet. Han ønsker å presisere dette for å unngå eventuelle misforståingar.

Les heile saka

Hjort på hjort i fleire minutt ….

Jon Olav Ørsal Måndag 28. oktober 2024

Søndag føremiddag fikk vi ei flott naturoppleving ved Langmyra, like før du tippar over og ned mot Halsanaustan og ferjekaia.  Fleire skokkar med hjort kom i full fart frå området Reitan/Åsbøen over Langmyra  og over vegen og fortsette til skogs.

Les heile saka