Skulstuå i Todalen har invitert Ingvar Ortega Redalen (f. 2012) til å stilla ut teikningar frå studia hans av fisk frå både salt- og ferskvatn. Velkomne til Grand Opening 16.mai kl.18.00. Det blir kanskje ein tale, men heilt sikkert sal av steinomnstekt pizza og sjokoladekake. Kunstnaren vil vera tilstades.
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	I dag låg det godt til rette for ei flott konfirmasjonsgudsteneste – sol frå blå himmel har vore noko uvant den siste tida og vart nok difor lagt så godt merke til.  I år var det to konfirmantar i Todalen, nemleg Trygve Alexander Halle og Jens Sancho Hadraque Ansnes, og det var Prost Vidar W. Rygh som var liturg, medan Åsmund Valde var organist. Rundt 80 personar deltok i konfirmasjonsgudstenesta, og med det vart det ein flott salmesong. 
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Den kvite røyken frå steinomnen til Kjell Arve Vikavoll hadde ingenting med Leo XIV og pavevalet og det sixtinske kapell å gjera, men derimot var det full fyr for å få opp tempen i steinomnen.  Her må det nemleg varme til – rundt 400 grader må det være for å få fart på pizzasteikinga.
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Det har etter kvart vorte ein tradisjon med open dag og servering på Todalshytta på 17. mai.  Grunnlovsdagen nærmar seg fort, og på Todalshytta har dei alt plana klar med ein 3-retters meny som er designa for 17.-mai, seier Arve Evensen til Todalen.no
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Surnadal kommune har ledig stilling som brannkonstabel ved Todalen brannstasjon. Så har du lyst til å vere med i det frivillige brannvesenet i Todalen, så er det berre å lese informasjonen om stillinga nedanfor og sende inn ein søknad. 
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Torsdag 8. mai vart Frigjerings- og veterandagen markert i Surnadal kommune og resten av landet. I år er det 80 år sidan dei tyske militære styrkane kapitulerte fullstendig, og andre verdskrig var slutt i Europa. Vêret var grått, men det var opphaldsvêr under sjølve markeringa.  
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Tyrsdag 13. mai møtes vi på parkeringsplassen nedafor Øye kyrkje  kl 09.45 (OBS – OBS!) for å ha god tid til Halsaferga over til Kanestraum. Der  køyrer vi til venstre mot Vatn og inn på ein bomveg til parkeringsplassen. Derifrå veg og sti opp på Fløystadfjellet. Topp tur med fin utsikt. Vel møtt, skriv Fjellgruppa i ei pressemelding.  Terminlista for Fjellgruppa ligg i aktivitetskalenderen på tysdagar og er ajourført fram til ferien.  
 
	 
	
	
	
	
	Frivilligsentralen midt på Skei var «stedet» for oss godt vaksne, onsdag 7. mai. Heile seksti personar møtte opp for å få med seg orientering om trafikksikkerheit, allsong, servering, utlodding, orientering frå styret og ein god prat.
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Surnadal demensforening og helselag inviterte til folkehelsemarsj langs Surna onsdag 7. mai, godt oppmøte og godt ver.
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Laurdag 10. mai klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Det er prost Vidar W. Rygh som er liturg under konfirmasjonsgudstenesta, medan Amund Valde er organist. 
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Rhododendronblomstringa i Svinviks arboret har stått i rå dei siste par vekene, seier musemsgartner Patrick Nilsen.  – For eit par veker sia lag vi an til tidleg blomstring, men det har vore surt og kaldt, så da stoppa det opp.  No ser det ut til å bli meir varme, og vi vil nok merke at blomstringa skyt fart dei neste dagane. 
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Onsdag kveld var det vårdugnad på skuleområdet ved Todalen oppvekstsenter. Her har nemleg Todalen Elveeigarlag og Todalen bøgdalag inngått leigeavtale med Surnadal kommune for å ha campingplass. 
			 Les heile saka