Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hageland opnar «julebutikken»

Jon Olav Ørsal Fredag 15. november 2024

Torsdag 14. november opna Hageland Surnadal julebutikken. Dette er ein landsomfattande kampanje for Hagelandkjeda landet rundt.  No bugnar det med julevarer – juletre, julelys, julepynt og ikkje minst juleblomster i butikken.

Les heile saka

Haustlys – Astrid lyser opp i haustmørkret

Jon Olav Ørsal Fredag 15. november 2024

Torsdag kveld opna Surnadal kunstforening si tradisjnelle førjulsutstilling «Haustlys». Det skjedde i Finstua på kulturhuset, og årets utstillar er Astrid Narvestad Wærdahl som i dag bur og har sitt virke som kunstner i Bøfjorden.  Astrid har budd rundt omkring i Norge og har flytta 20 gonger, men hun hadde sin barndom i Askim og si ungdomstid  i Kristiansand.  Sin bakgrunn som kunstnar har ho frå Bergen Kunsthåndverkskule i 1979 – 1983.  No bur ho altså i Bøfjorden og har sitt atelier der.  Det siste året har ho hatt eit engasjement på Amfi Kreativ i Surnadal.

Les heile saka

Lars Talgø og brurekronene hans

Dordi Jorunn Halle Torsdag 14. november 2024

Indre Nordmøre senioruniversitet inviterte onsdag 13. november til møte i Surnadal kulturhus. Temaet var «Lars Talgø og brurekronene hans». Bjørn Austigard heldt eit engasjert og interessant foredrag om Lars frå Taløyan i Todalen som laga så fine og forseggjorde brurekroner.

Les heile saka

Todalshytta: Byr på lutefisk i kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. november 2024

Todalshytta minner om sin lutefiskaften i kveld (14.11.), og kjøkkenet er ope frå kl 17:00 og utover til klokka 21.   Har du lyst på ein smak av jul, så er det berre å melde seg på med bordbestilling til Arve på telefon 92997550.

Les heile saka

Må til forhandlingsbordet med leieavtale

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. november 2024

Todalen idrettlag har hatt avtale om leige av Bordholmen sia 1946 – sist avtalen var reforhandla var i 1977.  No var det på tide å fornye avtalen, og på bakgrunn av reduserte idrettsaktivitetar  ønsker grunneigarane en avtalen med både kortare varigheit, og ein avtale med berre 2-årig oppseiingstid i staden for 3 år, slik det står i avtalen frå 1977. 

Les heile saka


Innfører lokale tiltak for naudnummer

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 13. november 2024

Det har i dag vore problem med Telenor sitt nett, noko som gjer at delar av kriseleiinga i Surnadal kommune har hatt møte om situasjonen og har iverksett tiltak for å trygge liv og helse inntil naudnummertenesta er heilt friskmeldt.

Les heile saka

Hønhalsen versjon 2.0 – vårteikn?

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. november 2024

Berre ein liten kurositet kanskje, men i går – eller var det i forgårs, kunne vi konstatere at Hønhalsen hadde gått av for andre gong i år.  Det har sikkert skjedd før, men vi har aldri lagt merke til det tidlegare. 

Les heile saka

Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 12. november 2024

Fredag 15. november frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Og på fredag får ein igjen sjansen til å kjøpe den nye kanelsnurren med heimelage vaniljekrem, som så langt har vorte ein «stor hit».  

Les heile saka

I dag kom kronhjorten på plass i utstillinga

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. november 2024

Den historiske avdelinga på Gammelfabrikken er snart på plass  – Gunnar Nordvik og Magne Søyset jobbar med å få dei siste detaljane på plass til søndag 24. november, når det skal være open dag for omvisning og kaffelag.  I dag kom den store kronhjorten på plass, og det var jammen berre akkurat.

Les heile saka

Inviterer til årets siste medlemsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. november 2024

Onsdag 20. november klokka 15:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til årets siste medlemsmøte på Friviligsentralen. Tor Holten kjem og held kåseriet «Tankar omrkring sørsamane i Trollheimen og om Finn-Torkjell». 

Les heile saka

Talgø MøreTre leter etter HMSK-leder

Jon Olav Ørsal Måndag 11. november 2024

Talgø MøreTre er produsent av merkevareproduktet MøreRoyal og utgjør kjernevirksomheten i Talgø-konsernet. For å bli enda bedre på HMS, kvalitet og bærekraft enn det vi allerede er i dag, ikke minst med tanke på fremtidig ISO-sertifisering, søker vi nå etter den rette personen til den nyopprettede stillingen som HMSK-leder i Talgø MøreTre AS.
HMSK-leder vil være en del av bedriftens ledergruppe.

Les heile saka