Måndag 24. februar er det tre år sidan Russland gjekk til fullskala krig mot Ukraina. I samband med treårsdagen blir det invitert til solidaritetsmarkering til støtte for Ukraina i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei klokka 17:00 – 18:00.
Les heile saka
Snøen lava ned måndag morgon. Så ein kunne undrast på om det vart kløvertur.
Les heile saka
Surnadal demensforening og helselag inviterer medlemmene til årsmøte tysdag 12. mars kl. 17:00. Årsmøtet er på Frivilligsentralen.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening kallar inn til årsmøte i Todalen sanitetshus tysdag 18.02.2025 kl. 18:30.
Les heile saka
Surnadal demensforening og helselag informerer om at det blir ending i samabeidet med Treffast. Nå som Treffast har starta opp med bingo og bridge annen hver gang på torsdager på Frivilligsentralen, starter vi opp på tirsdager med Strikk, sy og spis MED OSS fra kl 11 – 13.
Les heile saka
Tysdag 18. februar frå klokka 00:00 til klokka 06:00, altså natt til tysdag, er det manuell dirigering med kolonnekøyring gjennom Svinviktunnelen på Fylkesveg 6145, melder Statens vegvesen til redaksjonen i Todalen.no.
Les heile saka
Trym Dalset Lødøen gjentok gårdagens suverene seier og vann NM-konkurransen med ein margin på 43 sekund til nummer to som vart Erik Kårvatn. PÅ tredjeplass kom Pascal Emanuel Egli med eit tillegg på 56 sekund. I juniorklassen vart det Aron Rodal Haugen som vart sterkast, på tida 19:50,0 med Isak Drøpping på andreplass med 28 sekund etter og på tredje vart det Ivar Holen 1:15,0 etter. Arrangøren Trollheimen fjellsportklubb måtte improvisere både starten og målgangen – løypa starter 200 meter oppi Strengentraseen på grunn av snømangel og målgangen var rett nedafor toppen – løypa vart ca 450 høgdemeter.
Les heile saka
Markus er ikkje redd fordi om yr.no kjem med farevarsel for mykje snø det komande døgnet. Med spilder nytt førarkort for traktor er endeleg tida komen for å køyre på eiga hand. Markus er ansvarleg for å halda Toåa tursti open for bruk, og i dag var det heilt strøken nedover frå Trøbakkå og nedover turstien til Halsabrua.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 17. februar. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Det vart Trym Dalset Lødøen som trekte det lengste strået under Norges Cupen i Dalalia laurdag. Han leda frå start til mål, og kom inn på 6:24,o betre tid enn Erik Kårvatn. Leda frå start til mål gjorden også Isak Drøpping som kom i mål 2:23,0 framfor Iver Holen som kom på andreplass. I dameklassen var det Ida Wadal som vann, med heile 8:50,0 framfor Ingeborg Treu Røe og Ingrid Klokset med 11:09,0.
Les heile saka
I skrivande stund er det 28 påmeldt til Norges Cup til den individuelle konkurransen i randonée i Dalalia laurdag. 22 herreklassen og 6 i dameklassen – i tillegg kjem eventuelle deltakarar i trim- og turklassen med påmelding ved start. Det er inga rekorddeltaking, men omtrent på same nivå som i fjor.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank no på føremiddagen, får vi opplyst at fem talentfulle ungdommar kvar har fått 50.000 i MAX-stipend frå Sparebankstiftelsen og SpareBank 1 Nordmøre. Stiftelsen og banken vil den 17. mars invitere vinnarane med gjestar til felles middag og offisiell utdeling av stipenda og diplom. Vinnarane og juryen si grunngjeving kan ein lese i pressemeldinga nedanfor:
Les heile saka