Råssåfoss Kraftverk vil opplyse om at det er forbudt og farlig å bade i inntaksdammen til kraftverket i Råssåa.

Råssåfoss Kraftverk vil opplyse om at det er forbudt og farlig å bade i inntaksdammen til kraftverket i Råssåa.
Torsdag var klart for første kveld i serien av trim-fotballkamper, og selv med litt vind var det fin temperatur for fotball. Med seksten spillere, ble banen utvidet til halvparten av Bordholmen-matta, som nok også var en fordel med tanke på vinden.
Les heile sakaDa har dommen landa. Eigedomsskatten. Kva skal ein seia? Nøgd? Tja, ei sak har som kjent to sider, og den eine seier seg nøgd med at eg faktisk bur i beste villastrøket i Todalen. Den andre sida lurar på kvifor i all verda naboen ikkje gjer det?
Les heile sakaTodalshytta er godt i gang med denne sesongen, og det er mykje besøk på onsdagane når det er Smårettskveld.
Les heile sakaPå Gammelfabrikken det vore travelde dei siste par vekene medan fabrikkutsalget har pågått. No er det innspurt mot siste salgsdag som er laurdag 17. juli, så dersom du vil nytte feriepengane til ein godbit frå møbelsalget så hastar det! Fabrikkutsalget av møblar foregår som sagt på Gammelfabrikken i Brusetmarka, og konsernsjef Terje Talgø er godt nøgd med salget, men reknar med ein formiddabel innsport på dei siste par dagane.
Les heile sakaI tida 10. – 15. august blir det stor aktivitet, når Norsk vandrefestival skal arrangerast for første gong. Den består av mange arrangement i komunane Surnadal, Halsa og Rindal, med basecamp på Kårvatn og offisiell opning i Nauståfossen på Kårvatn tysdag 10. august kl 12.00.
Det er Kristin Krohn Devold, generalsekretær i DNT, som foretek den offisielle opninga. Ordførarane i dei tre arrangørkommunane deltek også på opninga. Etterpå serverer Todalen sanitetsforening lunch på Kårvatn.
Vi har fått sommarhelsing frå Gjermund Holsæter, som spinn vidare på ideen til ragnar Halle om å få cruiceskip til å kome til Todalsfjorden. Det er kanskje ein god ide, som turistnæringa kan jobbe med framover. Kanskje Todalen kan bli Nordmøre sitt svar på Geiranger?
Les heile sakaSøndag 18. juli inviterer Todalen Historielag og Stangvik Historielag til museumsdag på Surnadal Bygdemuseum, Åsen. Her blir det mykje artig å vere med på, for store og små!
Frå dørene opnar klokka 12.00 vil det vere anledning til å få ein tur med hest og vogn rundt på museet. Gamle leikar blir eit av dagens tema – kan du å «vippe jeppe»? Her får du sjansen til å vise gamle kunster, eller lære noko nytt.
Vi vil gratulera Mari B. Redalen som vinnar av månadens bilete for juni. Denne gongen var det utroleg jevnt heilt inn til målstreken, med stemmer som heile siste kvelden endra teten. Biletet «Sommersol», av Mari B. Redalen gikk seirande over mållinja, med «Tydeleg beskjed» av Kristine Saksen Ulvund og «Utgått» av Jon Bruset rett bak.
Les heile saka29. august er det klart for ein ny Trollheimsmarsj, den tredje i rekkja etter at den vart introdusert som jubileumsmarsj da både Todalen idrettslag og I.L. Ulvungen feira 100 årsjubileum i 2008.
Den gongen var det over 300 deltakarar, og denne rekorden har vi tenkt å slå ettertrykkeleg i år, seier Nils Ove Bruset som er ledar i Todalen idrettslag og medlem av arrangementskomiteen for Trollheimsmarsjen.
I Sissihaugen hos Ingunn og Eilert er hagen i full flor no om dagen. Grunnlaget vart nok lagt så langt attende som i mars, da både blomster- og gransakfrø kom i pottene i stua. Lenger ut på våren var det tid for å prikle over i små potter som seinare vart flytta ut i drivhuset så snart det begynte å vårast. Etter kvart måtte blomstene vike plassen i drivhuset for tomat- og agurplantene som no dominerer.
Les heile sakaTorsdag 29. juli kl 20.00 startar Stangvikfestivalen 2010, med forspel på Pakkhauset Kro på Todalsøra. Da kjem trekkspelvirtuos Frode Haltli med sine vener i trioen Poing framføre maritimt musikalsk stoff. Vi møter dei også i samspel med festivalkomponisten Maja Ratkje. Anders larsen vil forklare sitt ambivalente forhold til Todalen, og Zümetrio vil sørgje for at ikkje alt låter symmetrisk. Det vil bli tango, todalsslåttar, toillmusikk og Todalssongen, skriv Stangvikfestivalen i sitt foreløpige program.
Les heile saka