Onsdag var Reidar Almås i kulturhuset og heldt foredrag for Indre Nordmøre Senioruniversitet. Tema han tok for seg var: «Bygda – slik ho var, slik ho er og slik ho kan bli». Eit veldig aktuelt tema, etter som vi ser at folketalet går ned i mange av bygdene og kommunane slit med økonomien og står i fare for å hamne på ROBEK-lista.
Les heile saka
Pensjonistforbundet Surnadal inviterer til medlemsmøte onsdag 26. mars klokka 15:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei.
Les heile saka
Melding frå Nordmøre Mållag:
På årsmøtet i Nordmøre Mållag laurdag 15. mars mottok Astrid A. Aubert Målprisen for 2024.
Les heile saka
Tysdag kveld var det bøt og betring i Skulstuå igjen, og slik som sist var det ymse aktivitetar for dei som møtte opp. Ein bøtargjeng bruka stoppnåla og prøva seg fram med stopping og resparasjon for gjenbruk som no er topp moderne. Elles var det både Yatzy og «Amerikaner» og faktisk var det ogs kaffelag med mykje godt attåt. Og så var det ei stor overrasking….
Les heile saka
Denne bolten vart funne i vegkanten ved Lauvåbrua. Den ser ut til å ha høyrt til eit eller anna traktorreiskap – f.eks. brøyteutstyr eller liknande. Den er fotografert saman med ei fyrstikkeske for å illustrere størrelsen. Ta kontakt med vår redaksjon så får du den att – og slepp å kjøpe ny!
..og eigaren meldte seg i løpet av kvelden – Håvard Halset!
Møterommet som er ein del av Sanitetshuset har fått ei skikkeleg oppfiffing – i fjor fekk møterommet ein facelift, med nytt golv og nye fargar på veggane. I tillegg vart det nye møblar og nye gardiner – og nytt audiovisuelt utstyr med breiband og storskjerm på veggen. No var det kjøkkenet som stod for tur, og no på nyåret har Magne Søyset og John Moe jobba med dette prosjektet.
Les heile saka
Veret i mars er lunefullt; vinter og vår om ein annan. Tre kløverturar med alt frå strålande sol til plaskregn og vind.
Les heile saka
Det svinga frå fotballpausemuikk til gudstenestemusikk da gospelkoret Gospel Explosion Trondheim gjesta Stangvik kyrkje med sin konsert i går kveld. Tilsaman var det eit 50-tals korsongarar som deltok i korsongen i kyrkja og du verden det var flott å være tilhørar – her var det berre å nyte korsongen i langdrag.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening melder at måndag 17. mars er det kløvertur i Toåa tursti. Oppmøte ved Matkroken og start derifå kl. 11:00.
Les heile saka
Torgeir Solheim Moe er meisterfotografen bak bilete som stakk av med sigeren i kåringa av månadens bilete i februar. Vi gratulerer!
Les heile saka
I helga har det vore WorldCup-satsing for landslaget i randonee – laurdag var det sprint som stod på programmet, og det vart ein stor dag for dei norske deltakarane klarte å kvalifisere seg til kvartfinalen. I klasse menn senior deltok Hans Inge Klette (13.-plass), Erik Kårvatn (24.-plass) og Trym Dalset Lødøen (28.-plass) – her var det 76 deltakarar. I dameklassen startet Ida Waldal, som hamna på ein 37.-plass og kom ikkje med vidare.
Les heile saka
Laurdag 15. mars var ein ideell dag for arrangement innomhus; ute regna det «gamle kjerringar» og med kraftig vind i kasta. Men i Sanitetshuset var det lunt og triveleg.
Les heile saka