Nyskolerte industrimekanikarar som er ferdig med 2.-året på Surnadal vidaregående skule kom onsdag med den nye mobile grillen som dei i vinter har laga for Todalen Idrettslag. VK2 har jobba med denne grillen som eit fellesprosjekt i vinter og nå står grillen fram som fisk ferdig og klar for overlevering.
Les heile saka
Tysdag var Strandasetra målet for Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal. – Frå Holten følgde vi traktorveg og sti innafor Holtaelva opp til setra, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.
Les heile saka
Todalen bøgdalag inviterer til St. Hans-feiring på Ansnessaga måndag 23. juni klokka 18:00. Bøgdalaget fyrer da opp grillen, slik at den som vil grille, kan ta med seg grillmat og tilbehør til Ansnessaga for å feire St. Hans. Det blir sett opp benkar under tak, slik at ein kan sitte tørt og godt, i fall det skulle bli regn!
Les heile saka
Som ein del av programmet for årets utgåve av «Surnadal Open», inviterer kunstnar Siri Skjerve laurdag 21. juni klokka 10:00 – 12:30 til open verkstad i Bekkerhagen 10 i Todalen. Siri arbeider med skinn, og ho samarbeider mellom anna med jaktlaga i bygda for å få tak i skinn.
Les heile saka
Da er årets førsste laks komen i land i Toåa. I dag sørga Arve Evensen for å lande ein flott holaks på rundt 7,5 kg og 84 cm. Det var faktisk eit flott eksemplar som var uten lus og uten garnmerker og såg ut til å være i god kondisjon. Det vart faktisk litt «action» for å få den på land.
Les heile saka
Måndag kveld var det dugnad for å førebu ny sesong med oppskyting i Ranheimsvingen i regi av Søya og Todalen Skytterlag. Da vart det både slåttaarbeid og reparasjon/vedlikehald av skiver og utstyr. Komande måndag 23. juni er det første kveld med oppskyting i år.
Les heile saka
Måndag 16. juni hølja regnet ned frå morgonen av; striregn og stor elv. Men ordtaket om at «Godt folk har godt ver» slo til, og det vart kløvertur i opphaldsver.
Les heile saka
Denne veka går stavgangturen til Sjøasetervatnet. Oppmøte ved bommen torsdag 19. juni kl 11.00. Alle er velkomne til å bli med på turen, melder Pensjonistforbundet Surnadal til Todalen.no
Ein vinnar er kåra, og Einar Talgø er fotografen av månadens bilete for mai. Vi gratulerer!
Les heile saka
Det skjer mye i regi av Surnadal kunstforening – kommende helg kan foreningen friste med POP-UP i Kallastua som bare er starten på en aktiv uke:
Lørdag 21. juni: POP-UP i Kallastuå kl. 15.00 – Også åpent på søndag 22. juni fra kl. 13.00-17.00
Les heile saka
Vi starta året som i fjor – men sjølv om vi kan registrere litt mindre interesse for fiske så er ein ny sesong i gang. – På Todalshytta har vi lagt større vekt på mat og matkvalitet, og det har vi lykkes med, seier Arve Evensen som er vertskap på hytta
Les heile saka
Under dagens gudsteneste i Todalen kyrkje bidrog Straumsnes songlag med korsong – det var i samband med songarstemnet i Surnadal i helga at vi fekk utlånt eit songkor for å delta korsong. Det er utruleg kor godt det løftar allsongen når du får med eit heilt kor.
Les heile saka