Surnadal bibliotek informerer om at dei skal skifte biblioteksystem, og vil difor halde stengt frå og med fredag 15. august til måndag 8. september. Sommarles-premiar kan heller ikkje hentast i denne perioden, men fristen for å gjere dette er forlenga ut september.
Les heile saka
Onsdaganae 13. og 20. august er det sommarope på Åsen bygdemuseum i tidsrommet frå klokka 11:00 – 16:00. Båe dagane er det ei lita omvisning frå klokka 11:00.
Les heile saka
Veidekke som har ansvaret for vedlikehald av fylkesvegane, driv no med andre runde med kantslått. Først ute er vegen inn til Todalen, så vil det veg etter kvart bli vegane rundt bygda som får ein «stuss».
Les heile saka
Kulturavdelinga i Surnadal kommune minner om aktivitetane som er knytt til Friluftslivets år. Laurdag 16. august er det Bøfjord Småbåtforening som står som arrangør. Laurdag 16. august inviterer Bøfjorden småbåtforening til gratis fjordtur med fisking. Det blir start frå Elvaneset småbåthamn på Settem i Bøfjorden kl. 10.00. Deretter går turen ut Bøfjorden for å prøve fiskelykka i nærområda, anten utover Halsafjorden eller innover Trongfjorden. Båten som skal brukast under turen, heiter «Skjellfjord» og er ein 103 år gammel 44 fots kutter.
Les heile saka
Måndag kveld vart ein særs dramatisk og trist kveld for familien Bolme og nabolaget i Bekkerhagan. Elinor og Ivar var på Rhodos på ferietur, og var akkurat ferdige middagen da dei fekk telefon frå yngsteguten Markus, som var heime saman med hunden, om at det brann i garasjen heime i Holbakken i Bekkerhagan. Ring brannvesenet med ein gong var beskjeden Ivar gav Markus, før han la på og ringte naboen Ragnar Halle. Elinor tok på si side kontakt med Ingri Bruset, som også er nabo, for å få ho til å ta seg av Markus, fram til broren Ola kom frå Surnadal.
Les heile saka
Med elg i sommarmodus, sekken full av ferieminner og kveldssol som burde vore på frimerke, vart juli ein god månad for både folk og fotoapparat. No skal månadens blinkskot kårast. Klikk deg inn og stem før 17. august.
Les heile saka
Det var Siri Lund og ektemannen Francesc som inviterte til spansk aften i Skulstuå. På menyen stod det ekte spansk paella og dette trekte tilnærma fullt hus i Skulstuå. – Siri og Francesc bur begge i Alfaz del Pi i Spania, den ho arbeider som norsklærar og han er spansklærar – kokkeleringa skjer på hobbybasis, men dette fekk vi erfare at var ein god kombinasjon.
Les heile saka
På Todalshytta har dei opplev ein eventyrleg sommar – både med tanke på belegg og overnattingsdøg, og utnytting av kapasitetet på restauranten. Sjølv om laksefiskarane stort sett har vore fråværande så har «vanlege turistar» sørga for godt belegg på hytta, seier Arve Evensen som er vertskap på hytta saman med kona Cristy. No i helga – fredag til søndag er hytta fullbooket, både med tanke på overnatting og restauranten. Vi har derfor sett oss nødt til å stenge, seier Evensen.
Les heile saka
Tysdag 12. august inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnaal til ny fjelltur, og denne gongen er det årlege turen til Innerdalen som er turmålet.
Les heile saka
Torsdag kveld inviterte Fiskeutvalget i Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) til «fiskesommar» på Nordvik. Målgruppa for sjølve fiskekonkurransen var barn og unge, og det var gratis å delta.
Les heile saka
Torsdag var førstekandidat og stortingsrepresentant for Møre og Romsdal Arbeiderparti på valkampbesøk i Surnadal. Her var det landbrukspolitikk som stod på agendaen første del av besøket, før det bar vidare til valkampstand i Surnadal og Quiz på hotellet.
Les heile saka
Torsdag inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til haustsesongens første stavgangtur. Turmålet for den haustsesongens første tur gjekk oppover lia til Leikaren.
Les heile saka