Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stem på månadens bilete i august

Guro Redalen Torsdag 4. september 2025

Før stortingsvalet tek all merksemd, inviterer vi til å røyste på månadens bilete for august på todalen.no. Her er det ingen sperregrense, berre blinkskot frå fjord, fjell og ferje.

Les heile saka

Inviterer ungdommane til gratiskonsert

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. september 2025

I år fyller SpareBank 1 Nordmøre 190 år, eit jubileum som allereie har vore markert gjennom fleire arrangement dette året. No er det ungdommane sin tur til å vere med på feiringa, kunne Liv Dalsegg og Arne Berset fortelje under eit pressetreff på Øye onsdag formiddag.

Les heile saka


Kom med brøytestikker – sommaren er på hell

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. september 2025

I dag fekk vi det synlege beviset på at sommaren er på hell.  Jenstad Maskin har jobben med å sette ut brøytestikker her i området på oppdrag frå Veidekke.  I løpet av dagen kjem nok det meste av brøytestikkene på plass på FV 6145 inn til Todalen og nedover til Todalsøra og FV 6146 frå Kvennset til Bruset og FV 6148 frå Bruset og nedover til Halsabrua. 

Les heile saka

Den nye pergolaen ved Surnadal sjukeheim offisielt opna

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. september 2025

Venneforeninga ved Surnadal sjukeheim, som i mars skifta namn frå Pårørandeforeninga, har ved hjelp av innsamla midlar og dugnadar, fått sett opp ein pergola ved Surnadal sjukeheim. I strålande sommarvêr og sol, var det tysdag offisiell opning av den nye pergolaen. Venneforeninga håper pergolaen blir til stor glede for bebuarane, pårørande og dei tilsette ved Surnadal sjukeheim.

Les heile saka



Inviterer til lagseriestemne tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. september 2025

Tysdag 2. september inviterer Todalen Idrettslag alle Todalingar og alle andre i Stangvik skulekrins til lagseriestemne på Bordholmen stadion. Her blir det lengdehopp med og utan tilløp, kast av liten ball og springing. 

Les heile saka


Kløvertur i Kavlvegen kultursti

Dordi Jorunn Halle Måndag 1. september 2025

Første september var det retteleg godt og lagleg ver for kløvertur; – sol og god temperatur. Hausten har alt sett si farge på myra oppå Eia, – det vart ein riktig så fin turdag!

Les heile saka

ReMidt sin tømmekalender for september og oktober lagt ut

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 1. september 2025

Da har vi, litt forsenka, lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for september og oktober 2025 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for november og desember 2025 blir lagt ut i måadsskiftet oktober/november. 

Les heile saka