Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal sine medlemmer og andre på fjelltur til Skarvan. Parkeringsplassen ved Nordviksetra var utgangspunktet for dei tjue fjellvandrarane som vart med på turen.
Les heile saka
Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal sine medlemmer og andre på fjelltur til Skarvan. Parkeringsplassen ved Nordviksetra var utgangspunktet for dei tjue fjellvandrarane som vart med på turen.
Les heile sakaLaurdag 28. juni er det Drivacup på Syltøran stadion i Surnadal og laurdagen etter, den 5. juli er det TodalsCup på Bordholmen stadion i Todalen. To tradisjonsrike cupar med ei lang historie bak seg. For spørsmål om TodalsCupen, ta kontakt med Bjørn Gunnar Ansnes på telefon 986 11 707. For påmelding, send e-post til bjorn.gunnar.ansnes@outlook.com
Les heile sakaI dag har vi observert to slåttakarra. Ola Kvendset er i gang med siloslåtten og han fortel at 1.-slåtten er «midt i laget» når det gjeld mengde. Den kalde vêrtypen vi har hatt i kombinasjon med mykje reg har gjort at graset ikkje er tidleg ute. No treng vi varme dersom vi skal få god grasvokster og gode avlingar.
Les heile saka«Hett & Svett» er treningsstudioet til Todalen Idrettsla. Det ligg i lokala som tidlegare vart bruka til bensinstasjon først og seinare vart det postkontor der til det vart opna post i butikk. No er lokala rusta opp og blir altså bruka til treningsstudio for Todalen ILs medlemar. I dag kom det ny romaskin på plass, samt 2 benkar som er bruka til styrketrening.
Les heile sakaPå Hageland byr dei på mykje blomster denne helgen – aldri før har vi hatt så stort utval i sommarblomster, seier Hubertine Roebroke som er gartnar på hagesenteret i Surnadal. – Pizza blir det og, for både torsdag og fredag vil Kjell Arve fyre opp pizzaomnen og servere steinomnbakt pizza til kundane.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening har mange jarn i elden – i dag promoterte dei seg på beredskapsdagen på Skei, medan andre stod på med lunsjservering i Sanitetshuset. Dei hadde invitert heim den vaksne garde i todalen og dermed vart det nærare førte personar rundt bordet i dei nyoppussa lokala i Sanitetshuset.
Les heile sakaDenne tysdagen stod i beredskapens tegn – Sivilforsvaret i Kristiansund ba seg heim til Surnadal for å vise kva dei står for. Leiar i LIA1 (Lokal Innsats Avdeling 1) frå Kristiansund, Svein Kringstad fortalte at dei i Kristiansund har 4 avdelingar og ca 100 personar i Sivilforsvaret. Ein del avb mannskapet er frivillige, medan nokre er utnevnt til slik teneste. No er dei litt rundt omkring for å vise seg fram, og for å informere litt om kva dei driv med. Folk har faktisk levd i den trua at Sivilforsvaret er eit byfenomen, men slik ar det ikkje lenger – vi må bidra der det er behov, seier Svein kringstad.
Les heile sakaOnsdag 28. mai klokka 20:00 – 01:00 inviterer Stangvik Grendalag på nytt til pubaften i Stangvikbryå. Shuffelboard og dartskive står klare for konkurranselystne gjester,og for dei som ønsker å spele sittande rundt bordet vil det vere fleire brettspel og kortstokker å velge i!
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer bygdefolket til lunsj i Sanitetshuset tysdag 27. mai kl. 13:00.
Les heile sakaSanitetsforeninga inviterer til kløvertur måndag 26. mai. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaDei siste dagane har familien Shade frå Michigan vore på gamle tomter i Todalen. Med Todalshytta som base og Ragnar Halle som kjentmann og omvisar har dei vore rundt og gjort seg kjent i Todalen. Mellom anna har dei vore innom Talgøtrøa, som er staden som Talgøyfamilien tok avskjed med da dei flytta til Eide. Bestefaren til Gregory, var fødd i 1877 i TalgøTrøa, og reiste vidare frå Eide til Michiganområdet i 1903 – da var han 26 år gamal.
Les heile sakaUnder Kleivakvelden, som i år, på grunn av dårlege vêrmeldingar, vart flytta til Storstuå på Surnadal kulturhus, fekk John Pål Inderberg tildelt Kleivaprisen for 2025. Tordenskjold Songlag fekk ti tusen kroner og diplom frå Kleivafondet.
Les heile saka