Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rundt 2000 dekar blir førsteslåtten

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. juni 2025

Todalen Mjølk er i full gang med siloslåtten – dei to siste dagane har der vore fint vêr og godtenperatur slik at det har tørka ut litt.  Bra avling og god kvalitet, seier Ståle Ansnes i Todalen Mjølk. 

Les heile saka

«Kårkallarbeid» med avansert utstyr

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. juni 2025

Jobben med å slå vegkantane var vel typisk kårkallarbeid og verdifulle grasstrå som kom godt med når det var berre så passeleg med grasvokster. No sker det på meir avansert vis, og dei siste par dagane har Ole Peder Holten frå Veidekke tråla vegkantane rundt heile bygda for å pusse vegkantane til sommars. 

Les heile saka

Fin Fjellgruppatur til Klåberget

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 4. juni 2025

Første tysdagen i juni inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Klåberget. – Værgudane viste seg frå si beste side slik meteorologane lovte da vi starta frå parkeringsplassen ved Røen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.

Les heile saka

Straumbrot i Surnadal og Heim

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. juni 2025

Det er straumbrot i Surnadal og heim – det skjedde kl 20:20, og vi har foreløpig ingen info om kva som er årsak.  Oppdatert:  straumen kom att kl 20:49, men breibandleveransen kom att litt seinare.  Kl 22 melder Svorka at dei har normal drift igjen etter straumbrotet som ramma midt-Norge.

Les heile saka

Inviterer til lagseriestemne onsdag 11. juni

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. juni 2025

Onsdag 12. juni inviterer Todalen Idrettslag alle todalingar, nordvikgardingar og alle andre til lagseriestemne på Bordholmen stadion onsdag 11. juni klokka 18:00. Her blir det lengdehopp med og utan tilløp, kast av liten ball og springing. 

Les heile saka


Digitalt pizzalotteri

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. juni 2025

I dag startar Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt digitale pizzalotteri, der dei loddar ut 5 gavekort på valfri pizza frå YX i Surnadal. Kvart lodd kostar kroner 20,- og kan kjøpast på Vipps 527926. Trekninga skjer fredag 6. juni klokka 20:00, så da kan dei heldige vinnarane eventuelt kose seg med pizza i pinsa! 

Les heile saka


Kløvertur til Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 1. juni 2025

Todalen sanitetsforeninga inviterer til ny kløvertur måndag 26. mai. Oppmøte ved Matkroken Todalen og start derifrå klokka 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Les heile saka

80 år sia krigen slutta – Vi må aldri gløyme

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. mai 2025

Det er Nordmøre Forsvarsforening som står attafor Krigsminnemuseet på Åsen.  Dei har tilhald i den gamle skulebygninga på Eidet, som nok har sett sine beste dagar – det er faktisk berre så vidt at dei enkle vindua held nordvesten og regnvêret ute.  Laurdag arrangerte foreninga den årlege dugnaden, og da var det tid for å flikke på den gamle skulebygninga – både utvendig og innvendig.

Les heile saka

Trefte kjentfolk på Færøyane

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 31. mai 2025

Norsk sigar- og lutfisklaug er ein gjeng reiseglade personar frå Møre og Romsdal og Trøndelag, som minst ein gong kvart året møtest for sosialt samvær. Ofte reiser dei også på tur saman, til reisemål både innanlands og i det store utland.

Les heile saka