Det var Surnadal kommune og Surnadal storviltvald som tysdag kveld inviterterte jaktinteresserte og andre til viltkveld i kinosalen. Erling Meisingset og Lars Olav Lund var hyra inn som foredragshaldarar i tillegg til Tore Gjul som heldt i trådane.
Les heile saka
Det var nok favoritten som kom først i mål da Trollheimen sykkelklubb arrangerte klubbritt med start på Nordvik og målgang på Kårvatn – ein distanse på 19 km. Håvard Gjeldnes var sjølvsagt storfavoritt, med jammen fekk han kamp heilt til mål av Øystein Møkkelgard som var med og kjempa om førsteplassen – men vart nr 2 med fattige 3 sekund, slått av Håvard Gjeldnes.
Les heile saka
Laurdag 30.august kl.13.00 inviterer Skulstuå i Todalen til eit interessant foredrag der Rannveig Eikrem fortel om lærar og kyrkjesongar Kristian Halse (f.1858 – d.1939).
Les heile saka
Sia Talgø overtok anlegget til MøreTre i 1997 har det gått berre ein veg, og det er framover. Det har vore gjort til dels store investeringar i perioden etterpå, for å møte krav til standard og ikkje minst krav til volum på royalproduksjonen. Talgø MøreTre har i dag rundt 500 mill. i omsetning og 92 tilsette på anlegget på Syltøran og nokre i Todalen.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening er i gang med haustsesongen 2025. Måndag 25. august starta sanitetsdagen med kløvertur og vart avslutta med ope møte om kvinnehelse i Sanitetshuset.
Les heile saka
Torsdag 28. august klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Rindal og Igeltjønna.
Les heile saka
Søndag 14. september frå klokka 12:00 – 14:00 inviterer Trimgruppa i Todalen Idrettslag til sosialt samvær på Tjønnmyran. Da serverer Trimgruppa kaffe og bakels med graut.
Les heile saka
Surnadal kommune og Surnadal storviltvald inviterer til viltkveld i kinosalen på Surnadal kulturhus tysdag 26. august klokka 19:00. Her blir det foredrag frå NIVIO, SNO og informasjon frå Surnadal kommune.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 25. august. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Ola Vikan (13 år) frå Nordvik, vart tidlegare i sommar Midt-Norsk meister i motocross klasse MX 85 13 – 15 år. På laurdag NM-debuterte han med ein imponerande sjuandeplass under NM på Lunner Motorsportsenter.
Les heile saka
Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 27. august klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til «felles middag» på kyrkjelydshuset på Skei. På onsdag blir blir det servert karbonadar med potet, ertestuing, gulrot og brun saus.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til ope møte i Sanitetshuset måndag 25. august kl. 17:45. Temaet for møtet er kvinnehelse: Hormonbehandling i overgangsalderen.
Les heile saka