Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kom med brøytestikker – sommaren er på hell

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. september 2025

I dag fekk vi det synlege beviset på at sommaren er på hell.  Jenstad Maskin har jobben med å sette ut brøytestikker her i området på oppdrag frå Veidekke.  I løpet av dagen kjem nok det meste av brøytestikkene på plass på FV 6145 inn til Todalen og nedover til Todalsøra og FV 6146 frå Kvennset til Bruset og FV 6148 frå Bruset og nedover til Halsabrua. 

Les heile saka

Den nye pergolaen ved Surnadal sjukeheim offisielt opna

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. september 2025

Venneforeninga ved Surnadal sjukeheim, som i mars skifta namn frå Pårørandeforeninga, har ved hjelp av innsamla midlar og dugnadar, fått sett opp ein pergola ved Surnadal sjukeheim. I strålande sommarvêr og sol, var det tysdag offisiell opning av den nye pergolaen. Venneforeninga håper pergolaen blir til stor glede for bebuarane, pårørande og dei tilsette ved Surnadal sjukeheim.

Les heile saka



Klart for nytt demenskor i Surnadal – blir du med?

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. september 2025

Surnadal demensforening og helselag ligg no i startgropa for å starte med eit nytt kor i Surnadal, og tenkje da på eit kor for menneske som lever med demens, fortel leiar i foreninga Liv Botten. Aller først vil ho lodde stemninga for eit slik kor, og inviterer til første oppmøte tysdag 9. september kl 17:00 på Frivilligsentralen på Skei. 

Les heile saka

Inviterer til lagseriestemne tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. september 2025

Tysdag 2. september inviterer Todalen Idrettslag alle Todalingar og alle andre i Stangvik skulekrins til lagseriestemne på Bordholmen stadion. Her blir det lengdehopp med og utan tilløp, kast av liten ball og springing. 

Les heile saka

Årnesdag

Dordi Jorunn Halle Tysdag 2. september 2025

Turgruppa i gamle Stangvik og Stangvik historielag inviterer til årets Årnesdag laurdag 6. september. Arrangementet blir i Grendahuset og startar kl. 11:00. Alle er velkomne!

Les heile saka


Kløvertur i Kavlvegen kultursti

Dordi Jorunn Halle Måndag 1. september 2025

Første september var det retteleg godt og lagleg ver for kløvertur; – sol og god temperatur. Hausten har alt sett si farge på myra oppå Eia, – det vart ein riktig så fin turdag!

Les heile saka

ReMidt sin tømmekalender for september og oktober lagt ut

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 1. september 2025

Da har vi, litt forsenka, lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for september og oktober 2025 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for november og desember 2025 blir lagt ut i måadsskiftet oktober/november. 

Les heile saka

Offisiell opning av pergola på sjukeheimen

Jon Olav Ørsal Sundag 31. august 2025

Venneforeninga ved Surnadal sjukeheim inviterer tysdag 2. september kl 14.00 til offisiell åpning av den nye pergolaen ved Surnadal Sjukeheim.  Pergolaen er bygd på dugnad, og den er finansiert gjennom innsamla midler, og skal være til glede for bebuarar og tilsette. Alle er velkomne til å bli med!