På Surnadal Golfklubb sine heimesider kan vi lese at Marius Kvande (15) frå Kvanne er Norges beste 15-åring i golf. I halga var han i Stavanger og spelte finalen i Srixon Tour. Finalen vart spela med 3 x 18 hål og gjekk føre seg laurdag, søndag og måndag. Marius vann både finalerunden i Stavanger og Srixon Tour samanlagt.
Les heile saka
Talgø brukar Gammelfabrikken og Todalshytta til forskjellig intern møteverksemd, men det hender og at dei blir leigd ut til andre når det høver slik. I dag var det Verneområdestyret for Trollheimen som rådde grunnen, der dei hadde samla administrasjonen og rådgjevande utval til såkalla dialogmøte.
Les heile saka
Måndag 30. september er sesongens siste dag i trimåret 23/24, og «På tur i Todalen 23/24» i Trimpoengappen blir avslutta. Tysdag 1. oktober tek den nye «På tur i Todalen 24/25» over stafettpinnen. Todalen Idrettslag fortsett altså med den populære trimappen også den komande trimsesongen.
Les heile saka
Med allsongen i sentrum og forsamlinga som hovudaktør inviterer koret P17 onsdag til «Kyrkjesongkveld» i Todalen. – Salmeboka er vår rikaste skatt av poesi og melodiar mellom to permar, seier korleiar Bernt Bøe. – Og snakk om breidde: Her svingar det frå bedehus til tempel, frå tango til hymner!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til køvertur måndag 30. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Det er no temmeleg nøyaktig 4 veker sia Natiri kom bort under ein fjelltur. Eigar Anders Mo seier at det i dag er ein gledens dag, når Natiri i dag vart henta ned frå Blåfjellet. Det har vore dårleg vêr i fjellet – regelrett snøfokk – men det hindra ikkje klatrarane i å kome opp til funnstaden, sjølv om det var ulendt.
Les heile saka
Komane veke får du sjansen til å sjå alle tre filmane som konkurrerte om å bli «vår» Oscarkandidat. Da viser nemleg Surnadal kino alle dei tre filmane Sex, Armand og Quislings siste dager.
Les heile saka
Tysdag 1. oktober inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til sesongens siste fjelltur. Den siste fjellturen denne sesongen går til Grytbakksetra øvst i Bæverdalen.
Les heile saka
Vi var ein gjeng seniorar som inviterte oss til omvising på Trollheim kraftverk i Øvre Surnadal. Jostein Bruset svara positivt, og fredag var det klart for å troppe opp ved kraftstasjonen på Harang – klare for omvising og orientering både om kraftstasjonen som ligg langt inne i fjellet og om det store rehabiliteringsprosjektet i Folldalen.
Les heile saka
I samband med dåpen av MF Stangvikfjord vil sambandet Kvanne – Rykkjem bli innstilt tysdag 1. oktober mellom kl 13 og 14, melder Fjord 1.
Onsdag 2. oktober klokka 16:00 – 19:00 inviterer Svinviks arboret til eplepressing i arboretet. Så har du epler i hagen i år, og har lyst til å lage din eigen eplemost? Ja, da er arboretet rette staden å dra til onsdag ettermiddag!
Les heile saka
Ein ny og spennande sesong er like rundt hjørnet for Randoneelandslaget. Vi tykkjer det er artig at Trollheimen Fjellsportklubb held stand med 3 av sine medlemar på landslaget. Erik Kårvatn blir med vidare på seniorlandslaget, medan Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping fortsett på juniorlandslaget.
Les heile saka