Todalen bøgdalag inviterer til påskequiz i Todalen ungdomshus onsdag 27. mars (onsdag i den «stille uke») klokka 20:00. Dørene opnar klokka 19:00. Fine premiar til dei to beste laga. Det blir sal av brus, øl og snacks.
Les heile saka
Todalen bøgdalag inviterer til påskequiz i Todalen ungdomshus onsdag 27. mars (onsdag i den «stille uke») klokka 20:00. Dørene opnar klokka 19:00. Fine premiar til dei to beste laga. Det blir sal av brus, øl og snacks.
Les heile saka
Det var god deltaking på dagens gudsteneste i Todalen kyrkje – over førti deltakarar må være bra i det fine, men kalde vêret. Det var Hans Arne Akerø som var vikarprest i dag, medan Bernt Bøe vikarierte på orgelkrakken og Randi V. Bøe var klokkar/tekstlesar.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 11.mars. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaStyret i Surnadal Pensjonistlag inviterer til medlemsmøte tysdag 19 mars klokka 15:00 i kantina på Surnadal sjukeheim.
Bengt Eriksson frå Kristiansund kjem og fortel om korleis pensjonen har utvikla seg gjennom tid.
Todalen Sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 10. mars klokka 11:00. Hans Arne Akerø er prest, medan Bernt Bøe er organist.
Les heile sakaI går kveld hadde Todalen bøgdalag invitert til «skottårs-quiz», med Endre Talgø som quiz-master. Han hadde laga ein variert quiz, med både lokale og litt meir internasjonale spørsmål. Sia det var den internasjonale kvinnedagen i går, så hadde han også med fem spørsmål knytta til den.
Les heile sakaÅrsmøtet til Todalen I.L. var unnagjort på halvanna time – godt førebudde saker gjorde at møteleiar Elinor Bolme fikk sakene fort unna. Årsmeldingar både frå hovedlaget og gruppene, samt rekneskapen vart godkjent nærast på direkten. Todalen I.L. har i dag 308 registrerte medlemar, og det er faktisk fleire enn vi har innbyggarar i Todalen.
Les heile sakaFredag 8. mars klokka 20:00 inviterer Todalen bøgdalag til «skottårsquiz» i Todalen ungdomshus. Det blir premiering av dei to beste laga, så bøgdalaget oppfordrar til å kome og bli med på quiz, eller berre ta ein tur for å treffe folk! Det er Endre Talgø som er quizmaster denne gongen.
Les heile sakaOnsdag var det definitivt slutt på kontorhald i Moelvenbrakker og flyttesjau hos Melby Snekkerverksted på Eide. Melby Snekkerverksted har dei siste åra vore ein del av Talgøkonsernet, og har etter kvart vokst ut av det gamle kontorbygget. – Det siste året har vi formeleg «bugg i brakker», og no sett vi umåteleg stor pris på at vi får flytte inn i det nye og fine kontorbygget, seier dagleg leiar Bjørn Melby.
Les heile sakaBlir like imponert kvar gong eg er på revy – imponoert over at eit russekull, eller rettare sagt ein avgangklasse på vidaregåande kan lage så god underhaldning. Onsdag kveld var vi invitert på generalprøve på årets russerevy, og det var ei stor oppleving.
Les heile sakaMåndag vart det funne ein død hjortkalv på lunningsplassen ved Ørsalhøgda. I dag er det meste spist opp, så det har nok vore kalas i løpet av natta. Om det er gaupa, jerven eller anna rovdyr som har teke livet av hjortkalven det veit ikkje vi, da det ikkje lenger er sporsnø.
Les heile sakaTorsdag 7. mars klokka 19:00 er det årsmøte i Todalen Idrettslag i Todalen ungdomshus. No har Todalen Idrettslag lagt ut årsmeldingane sine for 2023 og styret sitt forslag til ny organisasjonsplan. Både årsmeldingane og den nye organisasjonsplana skal behandlast på årsmøtet på torsdag.
Les heile saka