Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

St. Hanskvelden som regna bort

Jon Olav Ørsal Måndag 23. juni 2025

Det som skulle bli ein triveleg St. Hans-kveld med mykje folk og stort bål, vart i staden ein regnfull kveld og paraplyvër.  Det var Todalen grendalag som stod som arrangør, og det vart da både triveleg og det vart stort bål.  Bålplassen ligg mellom fjæra og Sagelva og det var absolutt ein trygg bålplass

Les heile saka

Frarådar bading ved Todalen småbåthamn

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 23. juni 2025

Miljøretta helsevern har teke prøvar av badevatnet rundt om i Surnadal kommune, og analysen NemkoNorlab har gjort, viser verdiar som gjer at det inntil vidare blir fråråda å bade ved Kalkstranda, ved Søysetøran og ved Todalen småbåhamn. 

Les heile saka

Nofence eit nyttig reiskap som gjev oversikt

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 23. juni 2025

Nofence er ein klave på beitedyr og fungerer som ei virtuell inngjering, og erstattar dermed fysiske inngjeringar. Klaven er utstyrt med GPS og i kombinasjon med ein app gjev den eigar av beitedyre full kontroll kor beitedyra til ei kvar tid er. 

Les heile saka

Det går mot mørkare tider igjen

Jon Olav Ørsal Sundag 22. juni 2025

Det er berre såvidt at vi får teke knekken på Hønhalsen og vi får starte badesesongen, før det på ny går mot mørkare tider – og etter kvart ein lang og kald vinter.  Det skjedde faktisk laurdag morgon kl 04,42 og dermed vart det den 21. juni som vart årets lengste dag med ein daglengde på over 18 timar.

Les heile saka

Spennande dag på open verkstad i Bekkerhagan

Dordi Jorunn Halle Laurdag 21. juni 2025

Laurdag hadde Skulstuå ein «sprett-opp-kafé» i Bekkerhagan, med nykoka kaffe og eit rikhaldig kakebord. Her fekk besøkjande ta del i den livlege samtalen rundt langbordet etter at dei hadde vore innom verkstaden til kunstnar Siri Skjerve. I verkstaden fekk dei mellom anna høyre om korleis Siri behandlar skinna ho brukar i skulpturane sine, der nokre av døma var råhud som har vore lagt i Toåa for avhåring, medan andre var feittgarva med hjerne. 

Les heile saka

Erik Kårvatn og Berit Mogstad best i Bankmila

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 21. juni 2025

Laurdag arrangerte SpareBank 1 Nordmøre og Surnadal IL den femte utgåva av Bankmila. Her var det Minibankmila for dei minste på rundt ein kilometer, Bankmila utan tidtaking på rundt åtte kilometer og Bankmila med tidtaking på godt og vel ti kilometer.

Les heile saka

Hønhalsen 2025 e åv!

Guro Redalen Fredag 20. juni 2025

Det er med stor glede og ein viss andakt at vi kan melde: «Hønhalsen 2025 e åv!!» Dermed er det ikkje berre lov, men nærast påbode å ta seg eit friskt elvebad i Todalen.

Les heile saka

Bli med Fjellgruppa til Karihaugen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 20. juni 2025

Tysdag 24. juni inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til vårsesongens siste fjelltur. Da går turen til nabokommunen Sunndal og Karihaugen på Ålvundeidet. 

Les heile saka


Blomsterhav og St. Hans-kaffe på Hageland

Jon Olav Ørsal Fredag 20. juni 2025

Aldri har det vore større bredde i utvalet av sommarblomster enn i år på Hageland.  Det har gjort at vi har hatt mange tilreisande både frå ytre strøk og frå Trøndelag, fortel Hubertine Roebroke som er gartner på Hageland.   – Både laurdag og søndag ventar vi også mykje besøk i hagesenteret, og da byr vi […]

Les heile saka

Pensjonistforbundet på Todalsbesøk

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 19. juni 2025

Onsdag 18. juni inviterte Pensjonistforbundet Surnadal til medlemsmøte på Gammelfabrikken i Brusetmarka i Todalen. Gammelfabrikken i Todalen – ein framifrå plass å møtast, konkluderer Anne-Sissel U. Mogstad i Pensjonistborbundet Surnadal.

Les heile saka

«Surnadal Open» laurdag og søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. juni 2025

Surnadal Kunstforening er ein del av arrangeentet «Surnadal Open», som er et samarbeid mellom fleire visningsstadar, kunstnarar og organisasjonar. «Surnadal Open» er i år, som i fjor, ein del av Midtsommar i Surnadal.

Les heile saka