På Todalen.no får vi med oss litt av kvart som vi kan by lesarane våre på. I dag vart det ein litt uvanleg aktivitet, for vi klarte å mase oss til å få bli med på sprengningsøving. Linjemannskapet har enkelte gong behov for å sprenge vekk tre som ligg over straumlinja – da kan det være livsfarleg å gå på jobben med motorsag. Da er det å sprenge vekk trea som kan være løysinga – både praktisk og ufarleg. Ein kan nemleg gå unna på sikker avstand før ein sprenger.
Les heile saka
Siste måndagen i september gjekk gjekk kløverturen frå Svinvika til Snøyå etter den eldste vegen frå Svinvika innover til Todalen.
Les heile saka
Fredag 3. oktober. august frå klokka 11:00 markerer Lia gard kanelsnurrens dag med ope bakeriutsal. Da kan ein sjølvsagt få kjøpt kanelsnurrar, men også anna fersk og frossen bakst, så det er berre å ta turen.
Les heile saka
Surnadal demenskor er forlengst i gang, og har øving på Surndal sjukeheim hver mandag fra kl 17 – 19. Sist mandag var det 24 sangglade som møtte opp på øving i det nye koret vårt, seier leder i Surnadal demensforening og helselag Liv Botten. Er det flere som har lyst til å bli med, så er du hjertelig velkommen.
Les heile saka
Da vi trefte på Øya jaktlag var dei rundt tjue deltakarar på bålkaffeen på plassen framfor slakteplassen i gardstunet. Enda var det 4-5 jegrar som var på tur ned frå dagens jakt. Dagens jaktbytte var ei kolle, som vart henta ut med ATV og frakta til slakteplassen.
Les heile saka
Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping som begge representerer Trollheimen Fjellsportklubb og juniorlandslaget i randonée var uttekne som ein del av den norske troppa til VM i mountainrunning som i helga går i Canfranc i Spania.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 29. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Fredag inviterte Surnadal kommune til Boligdagen 2025 i kammerset på Surnadal kulturhus. Det var kommunalsjef samfunn, Karin Halle som var konferansier og som hadde sydd saman det innhaldsrike og informative programmet for dagen.
Les heile saka
Denne helga er det messearrangement i Ålesund, der Melby stiller med sine trapper og Talgø MøreTre viser sine royalprodukter. «Gjør din bolig bedre» er både bransjemesse og publikumsmesse, som har tilhold i Sparebanken Møre Arena.
Les heile saka
Tysdag 30. september inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til ny fjelltur. Denne gongen går turen til Fauskåfjellet, Fauskåvatnet og Surnadals geografiske midtpunkt.
Les heile saka
Laurdag 4. oktober frå klokka 20:00 – 02:00 inviterer Stangvik Grendalag til «Høstpub» i Stangvikbryå.
Les heile saka
3. – 5. oktober inviterer Svorka, i samarbeid med Power Surnadal, ungdom fra og med 8. klasse til tre døgn fylt med gaming, konkurransar, premiar og godt selskap i Torshall, Rindal. Målet er å skape ein trygg, morsom og sosial møteplass, der felles lidenskap for gaming får blomstre.
Les heile saka