Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tid for kantslått igjen…

Jon Olav Ørsal Måndag 11. august 2025

Veidekke som har ansvaret for vedlikehald av fylkesvegane, driv no med andre runde med kantslått.  Først ute er vegen inn til Todalen, så vil det veg etter kvart bli vegane rundt bygda som får ein «stuss». 

Les heile saka

Friluftslivet år: – Inviterer til fjordtur med fisking

Jon Olav Ørsal Måndag 11. august 2025

Kulturavdelinga i Surnadal kommune minner om aktivitetane som er knytt til Friluftslivets år.  Laurdag 16. august er det Bøfjord Småbåtforening som står som arrangør.  Laurdag 16. august inviterer Bøfjorden småbåtforening til gratis fjordtur med fisking. Det blir start frå Elvaneset småbåthamn på Settem i Bøfjorden kl. 10.00. Deretter går turen ut Bøfjorden for å prøve fiskelykka i nærområda, anten utover Halsafjorden eller innover Trongfjorden. Båten som skal brukast under turen, heiter «Skjellfjord» og er ein 103 år gammel 44 fots kutter.

Les heile saka

Alt er borte, men har kvarandre

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. august 2025

Måndag kveld vart ein særs dramatisk og trist kveld for familien Bolme og nabolaget i Bekkerhagan. Elinor og Ivar var på Rhodos på ferietur, og var akkurat ferdige middagen da dei fekk telefon frå yngsteguten Markus, som var heime saman med hunden, om at det brann i garasjen heime i Holbakken i Bekkerhagan. Ring brannvesenet med ein gong var beskjeden Ivar gav Markus, før han la på og ringte naboen Ragnar Halle. Elinor tok på si side kontakt med Ingri Bruset, som også er nabo, for å få ho til å ta seg av Markus, fram til broren Ola kom frå Surnadal.

Les heile saka

Kåring månadens bilete juli

Guro Redalen Sundag 10. august 2025

Med elg i sommarmodus, sekken full av ferieminner og kveldssol som burde vore på frimerke, vart juli ein god månad for både folk og fotoapparat. No skal månadens blinkskot kårast. Klikk deg inn og stem før 17. august.

Les heile saka

Spansk aften med ekte paella gjorde susen

Jon Olav Ørsal Sundag 10. august 2025

Det var Siri Lund og ektemannen Francesc som inviterte til spansk aften i Skulstuå. På menyen stod det ekte spansk paella og dette trekte tilnærma fullt hus i Skulstuå.  – Siri og Francesc bur begge i Alfaz del Pi i Spania, den ho arbeider som norsklærar og han er spansklærar – kokkeleringa skjer på hobbybasis, men dette fekk vi erfare at var ein god kombinasjon.

Les heile saka

Fullbooket i helga – eventyrleg sommar på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. august 2025

På Todalshytta har dei opplev ein eventyrleg sommar – både med tanke på belegg og overnattingsdøg, og utnytting av kapasitetet på restauranten.  Sjølv om laksefiskarane stort sett har vore fråværande så har «vanlege turistar» sørga for godt belegg på hytta, seier Arve Evensen som er vertskap på hytta saman med kona Cristy. No i helga – fredag til søndag er hytta fullbooket, både med tanke på overnatting og restauranten. Vi har derfor sett oss nødt til å stenge, seier Evensen. 

Les heile saka

Bli med Fjellgruppa til Innerdalen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 9. august 2025

Tysdag 12. august inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnaal til ny fjelltur, og denne gongen er det årlege turen til Innerdalen som er turmålet.

Les heile saka

Triveleg «fiskesommar» på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 8. august 2025

Torsdag kveld inviterte Fiskeutvalget i Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) til «fiskesommar» på Nordvik. Målgruppa for sjølve fiskekonkurransen var barn og unge, og det var gratis å delta.

Les heile saka



Torsdag vil kyrkjeklokkene ringe for Gaza

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. august 2025

På siste kyrkjemøtet vart det gjort vedtak om at alle domkyrkjene og lokalkyrkjene som har høve til det skal ringe for å markere sin støtte til sivilbefolkninga i Gaza. Dette blir gjort gjennom å ringe med kyrkjeklokka og samtidig tenne eit lys og be for Gaza. Det skjer torsdag 7. august frå kl. 15:00.

Les heile saka

Humanitær katastrofe – Kyrkjeklokkene ringer for fred

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 6. august 2025

Torsdag 7. august frå klokka 15:00 har alle biskopane i Den norske kirke oppfordra alle kyrkjene og domkyrkjene over heile landet til ringe med kyrkjeklokkene for fred. Bakgrunnen for dette er den humanitære katastrofen sivilbeforlkninga i Gaza opplever. Markeringa vil altså starte klokka 15:00 og varer i femten minutt. 

Les heile saka