Todalen sanitetsforening inviterer til køvertur måndag 30. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til køvertur måndag 30. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaDet er no temmeleg nøyaktig 4 veker sia Natiri kom bort under ein fjelltur. Eigar Anders Mo seier at det i dag er ein gledens dag, når Natiri i dag vart henta ned frå Blåfjellet. Det har vore dårleg vêr i fjellet – regelrett snøfokk – men det hindra ikkje klatrarane i å kome opp til funnstaden, sjølv om det var ulendt.
Les heile sakaKomane veke får du sjansen til å sjå alle tre filmane som konkurrerte om å bli «vår» Oscarkandidat. Da viser nemleg Surnadal kino alle dei tre filmane Sex, Armand og Quislings siste dager.
Les heile sakaTysdag 1. oktober inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til sesongens siste fjelltur. Den siste fjellturen denne sesongen går til Grytbakksetra øvst i Bæverdalen.
Les heile sakaVi var ein gjeng seniorar som inviterte oss til omvising på Trollheim kraftverk i Øvre Surnadal. Jostein Bruset svara positivt, og fredag var det klart for å troppe opp ved kraftstasjonen på Harang – klare for omvising og orientering både om kraftstasjonen som ligg langt inne i fjellet og om det store rehabiliteringsprosjektet i Folldalen.
Les heile sakaI samband med dåpen av MF Stangvikfjord vil sambandet Kvanne – Rykkjem bli innstilt tysdag 1. oktober mellom kl 13 og 14, melder Fjord 1.
Onsdag 2. oktober klokka 16:00 – 19:00 inviterer Svinviks arboret til eplepressing i arboretet. Så har du epler i hagen i år, og har lyst til å lage din eigen eplemost? Ja, da er arboretet rette staden å dra til onsdag ettermiddag!
Les heile sakaEin ny og spennande sesong er like rundt hjørnet for Randoneelandslaget. Vi tykkjer det er artig at Trollheimen Fjellsportklubb held stand med 3 av sine medlemar på landslaget. Erik Kårvatn blir med vidare på seniorlandslaget, medan Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping fortsett på juniorlandslaget.
Les heile sakaStavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag avslutta årets stavgangsesong med stavgangtur til Øygardashalsen på Vang. Tjuefire stavgangarar møtte opp for å bli med på sesongavslutninga, der starten gjekk frå IL Søya sitt klubbhus på Vang skisenter.
Les heile sakaOnsdag 25. september var det medlemsmøte i Surnadal Pensjonistlag, med godt oppmøte også denne gongen. Knappe femti medlemmer møtte opp i lokala til Surnadal Frivilligsentral på Skei for å vere med på medlemsmøtet. – Artig å arrangere når så mange møter opp, seier Anne-Sissel Ulven Mogstad, som er sekretær i pensjonistlaget.
Les heile sakaNatt til onsdag kom den første snøen, med litt snø på toppene. Sist natt kom det påfyll, og det var vel registrert snøfall ned til rundt 400 meter, eller der omkring. Når det klårna opp fekk vi sjå at det egentleg var ein forsmak på vinteren som vi nok må rekne med når vi no snart skriv oktober.
Les heile saka