Torsdagens inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Vindøldalen. – Kraftige vindkast, men med 20 grader i september, gjorde at det vart ein fin tur, fortel Wenche Ø. Kvendset i Stavganggruppa.
Les heile saka
Torsdagens inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Vindøldalen. – Kraftige vindkast, men med 20 grader i september, gjorde at det vart ein fin tur, fortel Wenche Ø. Kvendset i Stavganggruppa.
Les heile sakaSøndag 14. september frå klokka 12:00 – 14:00 inviterer Trimgruppa i Todalen Idrettslag til sosialt samvær på Tjønnmyran. Da serverer Trimgruppa kaffe og bakels med graut.
Les heile sakaFredag kveld, den 12. september, byr Normisjon og Misjonssambandet på Song- og musikkveld i Eidet bedehus. Arrangementet startar kl 18:00 og byr på både solosong, allsong, musikk, kåseri, dikt og andakt m.m. Det blir mange bidragsytarar, – vi kan nemne Oddveig Helset Halle, Svein Volle, Vidar Rygh med fleire.
Les heile sakaDet er ikkje meir enn ein månad sia det var ramme alvor og husbrann i Bekkerhagan, der innsatsen frå lokale brannmannskap var avgjerande for resultatet. I kveld var brannmannskap frå Todalen, Kvanne og Surnadal samla til felles øving i Todalen – viktig å øve i lag, slik at ein blir kjent både med kvarandre, utstyret og ikkje minst kvar ein skal finne vatn til slokking rundt omkring i bygda.
Les heile sakaTysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Tindan. Og nok ein gong vart dei ein kjempefin tur i skikkeleg fint haustvêr!
Les heile sakaDen årlege demensaksjonen står for døra, og neste veke står Surnadal demensforening og helselag i samarbeid med Rindal demensforening som arrangørar av årets aksjon. Tysdag møtte dei to leiarane Surnadalsrussen for å brife mannskapet til årets innsamlingsaksjon som går av stabelen i neste veke.
Les heile sakaTorsdag 11. september klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Vindøldalen.
Les heile sakaI helga var det Norgesmesterskap (NM) for lag i motocross på Skaun Motorsenter i Skaun. Ola Vikan (13) deltok der på regionlaget NL Autosport i klassen MX 85. Det var meininga Ola også skulle vere med på avslutningsløptet i Østlandscup domande helg, men sjukdom gjer at han vel å stå over der. Dermed vart helgas NM på mange måtar sesongavslutninga for Ola, sjølv om han til helga deltek på eit haustløp i Snillfjorden.
Les heile sakaSøndag 14. september klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg på søndag er Pål Arne Winsnes, som denne gongen har fått med seg Torbjørn Brøske som medliturg. Organist er Oddveig Helset Halle medan Rannveig Brøske er klokkar.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur til Haltbakkan måndag 8. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Vel møtt!
Les heile sakaSurnadal demensforening og helselag ligg no i startgropa for å starte med eit nytt kor i Surnadal, og tenkje da på eit kor for menneske som lever med demens, fortel leiar i foreninga Liv Botten. Aller først vil ho lodde stemninga for eit slik kor, og inviterer til første oppmøte tysdag 9. september kl 17:00 på Frivilligsentralen på Skei.
Les heile sakaDet var fullt hus i den gamle skulstuå på Årnes da Svein Aarnes ønskte vel møtt til den femtande Årnesdagen.
Les heile saka