Ragnhild Lund Ansnes, som er gift med surnadalingen Jostein Ansnes, og som saman med han driv hotell TIA, rett ved Anfield Road i Liverpool og reisebyrået Liverpool Adventures, er no i Surnadal. Der er ho i full gang med å skrive bok om Liverpool FC sin nyleg avgåtte manager, Jürgen Klopp.
Les heile saka
I eit av albuma med samling av avisutklipp i stua på Sanden på Smøla, var det eit interessant minne for todalingar. Avisutklippet er frå 10. juli 1975 og handlar om fotball.
Les heile saka
Årets busstur for historielaga i Todalen og Stangvik gjekk til øyriket Smøla. Smøla kommune består av 6000 store og små øyar! Fastsmøla er største øya, og høgste punktet på øya er Nelvikberget som ragar 63,6 moh! Smøla har 1/3 av kystlina i Møre og Romsdal og er største øya i fylket!
Les heile saka
Laurdag 13. juli frå klokka 18:00 inviterer Stangvik Grendalag til sommarpub i Bryå i Bondehuset i Stangvik. Grendalaget har bestilt sol, slik at drikken kan nytast i solveggen på den nye uteservering ved Bondehuset. Her er det flott utsikt utover Stangvikfjorden.
Les heile saka
På ein pressekonferanse torsdag, som SpareBank 1 Nordmøre og Sigrid Vetleseter Bøe (34) frå Bøfjorden hadde kalla inn til, vart vi informert om at Sigrid hadde fått ei pengegåve frå SpareBank 1 Nordmøre på kroner 25.000,- for å vidareutvikle songstemma si. Frå banken møtte Liv Dalsegg og Arne Berset,
Les heile saka
Todalen elveeigarlag skjerpar no fiskeleglane i Toåa. Dei nye relane trer i kraft frå midnatt – kl 24:00 og medfører at all hanlaks over 65 cm skal settast ut igjen. Todalen elveeigarlag arbeider no med midtsesongevaluring , og etter ein krevjande sesongstart ser dei seg nødt til å gjera enda fleire grep.
Les heile saka
Onsdag føremiddag vart det montert nytt dørlås på Hett & Svett. Det gamle låset har vore litt vanskeleg å bruke for enkelte, så no er det montert nytt. Den gamle låsen blir levert attende til leverandøren og kjøpesummen refundert. Den nye låsen kan brukast med brikke eller app.
Les heile saka
To laurdagar i juni har Turstigruppa i Gamle Stangvik hatt tur og nyopning av stigen som gjekk opp forbi dei gamle gardane i Nessadalen, Haugen og Surndalsneset. Opprinneleg var det fire setrer her, for gardane Flessavik, Flessa, Trodal og Båtvik. I dag er berre murane att av Båtviksetra.
Les heile saka
Onsdag 3. juli frå klokka 11:00 skal det monterast ny dørlås på Hett & Svett. Dette inneber at Hett & Svett vil vere strengt frå klokka 11:00 og til klokka 17:00 på ettermiddagen. Frå same tidspunkt vil dei gamle kodebrikkane slutte å virke, så vil ein ha ny dørlåsbrikke som verkar, må ein møte opp på Hett & Svett onsdag ettermiddag klokka 17:00 – 19:00!
Les heile saka
Todalen historielag og Stangvik historielag samarbeider om å arrangere tur til Smøla komande torsdag 4. juli. Turen er så godt som utselt, og alt går etter plana melder reiseleiar John Moe til Todalen.no. Eit par plassar er ledig dersom nokon bestemmer seg i siste liten, men da må John Moe få beskjed seinast tysdag.
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag sin sommertur går i år til Fosen og Ørlandet 6. og 7. august, med overnatting på Hovde Gård.
Bussen går frå Surnadal kulturhus tysdag 6. august klokka 09:00. Bussen går til Klett, vidare til Flakk og ferge over til Rørvik.
Les heile saka
Regnvêret i natt og i dag gjorde nok underverker for laksefisket – til no er det teke 2 laksar i Toåa i dag. Ein ho-laks på 5,9 kg som vart teken i Nedre Skjorahølen i ettermiddag og ein hanlaks på 2,1 som vart teken ved Steinutgarden i ettermiddag. Begge vart sett ut igjen, og får ein ny sjanse.
Les heile saka