Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 28. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 28. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaI helga er det tid for å stille klokka fra sommartid og over på vintertid – eller rettare sagt normaltid. Det skjer natt til søndag og klokka skal da stilles ein time attover. Regelen er at klokka alltid skal stilles mot sommaren – det vil seie framover siste helga på mars og attover siste helga på oktober.
Les heile sakaVi er berre dagar før det amerikanske valet og verda held pusten over kva som kan skje i etterkant. På Seniorfilmklubben viser dei filmen Civil war, som kan vere ei lita åtvaring om det som ikkje må skje! Resten av kinoprogrammet er heldigvis litt mindre alvorsprega veka som kjem!
Les heile sakaOnsdag hadde Surnadal Pensjonistlag invitert medlemmane sine til medlemsmøte i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei, og responsen frå medlemmane var som vanleg god på invitasjonen.
Les heile sakaTorsdag 31. oktober inviterer Surnadal demensforening og helselag til foredrag med tema «Kognitiv svikt og demenssjukdommer». Det skjer på kantina på Surnadal vidaregåande kl 18:00 og det er fri inngang. Det er Marte Kvello Alme som er foredragsholder, og hun har doktorgrad om demens.
Les heile sakaSøndag 9. mars klokka 19:00 kjem Vamp til Storstuå og Surnadal Kulturhus for å halde konsert. Ja, det er lenge til, men vil ein sikre seg billett til denne konserten, så er det nok lurt å vere tidleg ute, og kanskje kan det vere eit godt julegåvetips også?
Les heile sakaFredag vil vi gjerra ekstra stas på våre kaffegjestar i Kaffekroken. Da blir det bakverk frå Lia gard å få kjøpt til kaffen – ta ein pause og senk skuldrane i Kaffekroken, enten før eller etter handlerunden. Velkomen skal du være helsar damene på Matkroken Todalen.
Les heile sakaNordmøre forsvarsforening i samarbeid med Nordmøre brigadeveteranforening og Norges veteranforbund for internasjonale operasjoner (NVIO) avdeling Nordmøre inviterer til foredrag med Johan B. Sira og Petter Ingeberg på I Svorkasalen på Surnadal Kulturhus torsdag 31. oktober klokka 18:30.
Les heile sakaSurnadal kommune skal innføre Helseplattformen 9. november klokka 03:00. Helsepersonell i både dei dag- og døgnbaserte tenestene i Surnadal kommune har det siste året difor jobba intensivt for å førebu ein sikker og god overgang til Helseplattformen, som er tilpassa helsetenestene i kommunen.
Les heile sakaSjølv om det enno er to månader til vi skal feire julekveld, så er det iallfall tid for å førebu TIL Trim sin adventkalender. Trimgruppa vidarefører fjorårets populære sal av adventskalendrar, der trekning av kortreiste gevinstar var ein ubetinga suksess. – Den slo så godt an at trimgruppa har bestemt at dei skal køyre same opplegg i år, fortel Sissel Halset Storslett som er leiar i Trimgruppa.
Les heile sakaFredag 25. oktoberber frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til nytt bakeriutsal. Det har vore ein hektisk periode i bakeriet, men det likar dei, så på fredag er utsalet fyllt opp att med gode bakevarer.
Les heile sakaDet lakker og lir mot seinhaust og førjulstid, og det er faktisk tid for å tenkje på julemat og trivelege førjulsselskap med smaking både på det eine og andre. På Todalshytta kjem den første lutefisken på bordet den 8. november som er ein fredagskveld. Sidan vil det gå slag i slag framover mot jul – spesielt spennande vil det bli den 1. november når det inviteres til asiatisk aften med stor breidde i asiatisk mat – det går det faktisk an å gle seg til.
Les heile saka