I dag skriv vi fredag og 20. desember – 5 gevinstar ligg klare til trekkjing på gevinstbordet. Første gevinst ut i dag er eit heimestrikka ulltrekk til tennbrikettar – det vart trekt ut på Tæljan eller hom du heller vil Talgø Gard.
Les heile saka
I dag skriv vi fredag og 20. desember – 5 gevinstar ligg klare til trekkjing på gevinstbordet. Første gevinst ut i dag er eit heimestrikka ulltrekk til tennbrikettar – det vart trekt ut på Tæljan eller hom du heller vil Talgø Gard.
Les heile sakaOppdrettsnæringa er i ferd med å ta livet av den ville atlantiske laksen, som Norge har internasjonalt verneansvar for. Lakselus, rømming og sjukdommar er tre av dei fire største truslane mot laksen. Klimaendringane er med på å forsterke desse.
Les heile saka«Tonar i julenatt» er årviss konsertoppleving i Stangvik kyrkje. Fredag kveld byr TriOpera med musikkvenner igjen på eit lekkert program.
Operatrioen består denne gong av pianist Hedda Hansen Berg og songarane Sigrid Bøe og Tonje Eero Hove. Med seg har dei tenoren Torstein Fosmo og strykargruppa Trio no Treble. Her spelar Ivan Penjin bratsj, Eivind Rossbach Heier cello og Jostein Bolås Brødreskift kontrabass.
Jula nærmar seg med stormskritt, noko som inneber litt endra opningstider hos Matkroken Todalen, og da spesielt i romjula. Fram til julaften er det «vanlege» opningstider, medan det julaften naturleg nok er kortare opningstid enn på ein «vanleg» tysdag, så julaften er det ope klokka 09:00 – 13:00.
Les heile sakaDet har vore ein lang tradisjon for ungdomane i Surnadal å treffast i rundkøyringa for å skyte opp rakettar – i fjor kom feiringa ut av kontroll, og det enda med alvorleg personskade og eit par førelegg i ei sak som enno ikkje er ferdig. Etter at nyttårsfeiringa vart det sett ned ei arbeidsgruppe som skulle vurdere tiltak for å betre kulturen med bruk av fyrverkeri i samband med nyttårsfeiringa.
Les heile sakaDagens trekning består av 5 gevinstar – dagens første gevinst er det Maren Ansnes som vart eigar av – ein sekk med tørr og fin bjørkved.
Les heile sakaJula bankar på døra, og dette får konsekvensar for opningstida for dei kommunale tenestene. I romjula vil Surnadal legesenger, kulturhuset, biblioteket og kommunehuset ha kortare opningstider enn vanleg. Nedanfor finn ein opningstidene som gjeld for romjula 2024.
Les heile sakaDagens trekning er unnagjort, og på gevinstbordet er det i dag 4 gevinstar. Dagens første gevinst går til Øyagrenda, der John Moe er det heldige vinnaren av eit par ullvottar.
Les heile sakaFredag er det igjen duka for julebuffe på Todalshytta – det blir siste runde for denne gongen seier Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta og som har køyrt fleire rundar med julemat no i november og desember.
Les heile sakaDen første gevinsten av dagens 4 er ein sekk med ved – den heldige vinnaren er Jon Are Husby på Bakketun
Les heile sakaNordvik er eit livskraftig grendesamfunn. I forsamlingshuset her møtest ofte små og store. Det gjer dei også når det er gudsteneste i adventstida. Sist søndag var det mesta fullt på alle stolane. Mange unge hjelpte prest Pål Arne Winsnes med eit tilrettelagt liturgisk program. Dei tente lys, las Juleevangeliet og andre tekster og var endatil forsongarar.
Les heile sakaFredag 20. desember frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til siste bakeriutsal før jul. Smultringkokinga får for fullt fram til fredag, så vil ein sikre seg nykoka smultringar eller noko anne godt til jul, så kan det vere lurt å førehandsbestille innan onsdag 18 klokka 18:00!
Les heile saka