På ein tidleg søndagsmorgon er vi klare med trekning av 5 nye gevinstar. Dagens første gevinst er ein heimestrikka barnekjole – her vart det Britt Mossing som vart den heldige vinnaren.
Les heile saka
På ein tidleg søndagsmorgon er vi klare med trekning av 5 nye gevinstar. Dagens første gevinst er ein heimestrikka barnekjole – her vart det Britt Mossing som vart den heldige vinnaren.
Les heile sakaForskningsrådet deler i desse dagar ut millionar av kroner til innovasjonsprosjekt i næringslivet. Innanfor segmentet Skogbruk og bruk av tre deler dei totalt ut 27 millionar kroner, og den største summen i denne runden går til Talgø MøreTre, som får heile 10 millionar kroner til utvikling av miljøvennleg impregneringsmiddel.
Les heile sakaIsak Drøpping som representerer Trollheimen Fjellsportklubb og Juniorlandslaget i Randonee sikra i dag sølvmedalje 18-årsklassen under ISFM Youth World Cup. Crevacol ligg i de italienske alper på grensa mot Sveits og Frankrike. Isak gjorde eit kjempeløp og sikra seg andreplassen i dagens kvalifisering, og vidare andreplassen i semifinalen og til slutt andreplass i finalen – berre slegen av kineseren Langjia Gongsong.
Les heile sakaDei 86 trimmarane som hadde registrert seg i Trimgruppa i Todalen Idrettslag sin turappen «På tur i Todalen» hadde frå 1. oktober 2023 til og med 30. september 2024 totalt 5836 innsjekkingar på dei 27 turmåla. Toåa tursti tronar også i år på topp, med Løfta og Tjønnmyra på dei to neste plassane. 6 personar har i løpet av trimåret besøkt alle dei 27 turmåla. Dei seks er Jørgen Mæhle, Bjørn Kvendset, Jorid Haugen Ansnes, Mari Brusethaug Redalen, Kristian H. Gjeldnes og Marit Haugen.
Les heile sakaDa snøen hadde lagt seg om fredagskvelden 20.desember, og lysten på skitur var større enn lysten til å fullføre julevasken, sjekket jeg løyper.net med kryssede fingre. Og der lyste det imot meg fra skjermen:» preparert akkurat nå». Opplyst, nypreparert skiløype 8 minutter unna huset, -1 grader og stjerneklar himmel. At det går an å være så heldig.
Les heile sakaLaurdag 21. desember kl 10.20 snur sola – endeleg er det nok mange som vil seie. November og desember er nok ei tung tid for mange, men snart får vi nok oppleve at sola dukker fram igjen. Frå midten av januar og utover er det nok mange som «får att sola» og etter kvart vil daglenda auke med 6 minutt pr dag – da vil det monne litt når vi får ein time meir på 6 dagar.
Les heile sakaDagens første gevinst hamnar nok i Sverige etter kvart – Ein flott ullgenser vart nemleg trekt ut til Hennie White som har bestemor i Austigarden på Kvennset.
Les heile sakaDet er med blanda følelsa at han Jostu har starta førebuingane til jul. Han tykkjer at utviklinga har gått feil veg på mange frontar, og tykkjer det er på høg tid å «oppgradere» Julekveldsvisa. Samtidig ønskjer han alle ei god og fredfull jul og eit godt nyttår!
Les heile sakaSparebankstiftelsen Surnadal Sparebank vidarefører MAX-stipendet på kroner 50 000 for inntil fem personer i alderen 15 – 25 år. MAX-stipendet skal gjere det mogleg for unge talent å «MAXe» ut sitt potensiale, uansett om dette er innan kultur, idrett, kunst eller utdanning. Stipendet vart første gong delt ut i 2024.
Les heile sakaTakstmann Øyås AS er kåra til «Gasellebedrift» for 2024. Dette er tredje gongen Takstmann Øyås får denne utmerkinga, noko dei i ei pressemelding på ettermiddagen i dag seier seg særs godt nøgd med. I år topper dei det heile med ein vekst på 238,41%, noko som er eit resultat av utvikling, kompetansebygging og dedikert arbeid utført av bedrifta sine takstkonsulentar.
Les heile sakaFredag morgon fekk dei tilsette på Surnadal legesenter ei skikkeleg overrasking frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank. Styret i Sparebankstiftelsen troppa opp på legesentret med ei sjekk på over 900.000 som er øremerka til finansiering av eit ultralydapparat som gåve til legesentret.
Les heile sakaNo pågår siste innspurt med oppussing av Saniteetshuset på Kvennset. Handtverkarane er ferdige med jobben og no er det prosjektkomiteen sjølv som tek ein finpuss med å henge opp bilder og lamper. Strikkekaffen har samla inn litt penger på loddsalg som gå til litt ekstra «sters» for å sette prikken over i’en. No snakkar vi om møterommet i Sanitetshuset som har fått ein skikkeleg facelift dei siste månadene. Det er Ted & Co som har gjord mesteparten av jobben med målararbeid og legging av nytt golv i møterommet og i gangen.
Les heile saka