Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Bøt og betring» og sosialt treff i Skulstuå…

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. februar 2025

Tysdag kveld var det høve til å ta med seg lesta til stopping eller om du heller vil saume på ei bot på ei Olabrok – eller kanskje berre reparere ein armkrage på ein genser.  Iallfall var det ein slik bøtarkveld i Skulstuå denne kvelden i kombinasjon med litt spell og konkurranse, og eit slag med amerikaner i all vennlegheit.

Les heile saka

Fastelavensutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 25. februar 2025

Fredag 28. februar frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til fastelavensutsal i bakeriutsalet sitt. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til kaffen i fastelaven, som er på søndag. Forresten har ski-VM i  Trondheim også, så da kan det vere lurt å ha noko godt på lur for å feire eventuelle medaljer! 

Les heile saka

Reine vårvêret i turstien

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. februar 2025

Det er slett ikkje berre todalingar som går tur og trimmar i Toåa tursti.  Tysdag trefte vi denne gjengen som var på venninnetur og som hadde rusta seg ut med både kaffekanne og noko å bita i. Vêrgudane stilte seg sjølvsagt frå si beste side, slik at det var fint å rigge seg til ved gapahuken i Båthølen, som altså er ein del av Toåa tursti.

Les heile saka


Surnadal Jeger- og Fiskerforening fekk fin gåve

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. februar 2025

I helga fekk Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) vite at dei hadde fått ei pengegåve på 10.000 kroner. Det var John Sogge, som på vegne av Surnadal Kjemiske arbeiderforening kunne informere om dette i helga. 

Les heile saka


Reint og sølete på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. februar 2025

Møte med overivrige husmødre og spinnville leikeapekatter på kinolerretet i Surnadal denne veka. For å gjera unna gjengarane først. Det er framleis gode sjansar for å få med seg Kaptein Sabeltann og Bridget Jones på kvardagskveldane på kinoen denne veka.

Les heile saka

Inviterer til «felles middag» onsdag 26. februar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. februar 2025

Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 26. februar klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til «felles middag» på kyrkjelydshuset på Skei. På onsdag blir det servert kjøttkaker med poteter, brun saus og ertestuing. 

Les heile saka

Inviterer til tirsdagsklubb på Frivilligsentralen

Jon Olav Ørsal Sundag 23. februar 2025

Kom og bli med oss på tirsdagsklubben, lokkar Liv Botten og gjengen i Surnadal demensforening og helselag.  Her blir det litt av hvert av aktiviteter – blant annet tar vi fram symaskina og det traktes kaffe og du får noe å bite i.

Les heile saka