Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene


Sesongens siste julebord på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. desember 2023

Laurdag 16. desember arrangerast sesongens siste julebuffe på Todalshytta. Arve Evensen er godt nøgd med responsen som har vore, og gler seg no på innspurten til av årets sesong.  – det begynner no å fyllast på men vi har enno nokre få plassar ledig.


Luke 13 – 4 nye gevinstar har fått sin eigar

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. desember 2023

Vi er klare med trekning for 13. desember – denne dagen er det heile 4 gevinstar og dermed 4 nye vinnarar.  Den første gevinsten går til Nordvik – Jan Nordvik har vunne eit strikka sjal som ligg klart til henting.   Gevinst nr 2 går også til Nordvik –  her er det Gunn Tove Svinvik som […]

Les heile saka

Svinvikrunden – Midlertidig stengt for parkering på lunneplassen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 12. desember 2023

På grunn av tømmerdrift i Svinvikhamrane, vil det i ein periode framover ikkje vere mogleg å parkere på lunneplassen ved starten av Svinvikrunden, kan Tore Svinvik fortelje. Tømmerdrifta tek til onsdag 13. desember, og det er da viktig at ingen parkerer på lunneplassen, slik at bilane ikkje blir til hinder for tømmerdrifta.   

Les heile saka

Ny trekning – halvgått løp for TILs Julekalender

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. desember 2023

I dag er vi halvgått til julaftan med TILs Julekalender.  Vi er no komne til luke 12, og attafor den luka var det tre nye gevinstar som får sin nye eigar.  Først ute i dag er Ann Helen Aambø frå Surnadal, som vann ein pakke med bøker frå Todalen historielag.  

Les heile saka

Stikk Ut! vinter

Dordi Jorunn Halle Tysdag 12. desember 2023

Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder at 15. desember er oppstart for Stikk Ut! vinter. Friluftsrådet legg opp til vinterturar; -både skiturar og fotturar. I Surnadal kommune er det 15 Stikk Ut!-mål denne sesongen.

Les heile saka

Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank – innstiftar nytt MAX-stipend

Jon Olav Ørsal Måndag 11. desember 2023

Dei siste åra har Sparebankstiftinga hatt ei skikkeleg julegåve.  Det blir det nok i år og, men på ein litt anna måte denne gongen.  I dag presenterte Sparebankstiftinga det nye MAX-stipendet – eit stipend som skal gje unge talent mulegheit til å «Maxe ut» sit potensial innafor kultur, idrett, kunst eller utdanning

Les heile saka

Arbeid i Svinviktunnelen i dag

Jon Olav Ørsal Måndag 11. desember 2023

I dag pågår det arbeid i Svinviktunnelen, og dermed er det manuell dirigering av trafikken.  Vi veitikkje kva som foregår, men på ei sprakande radiolinje vart det informert om at det pågikk alarmtest. 

Les heile saka

Kjøkkenbasar på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. desember 2023

Alf Prøysen syng «Det er morosamt med jula for desse som er små». I Nordvik forsamlingshus kunne det søndag kveld passe å synge «Det er morosamt med BASAR for desse som er små»!

Les heile saka


Årets siste bakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. desember 2023

Fredag 15. desmber, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til årets siste bakeriutsal. Dette markerer dei, i år som i fjor, med ein liten konkurranse. Bestiller du varer i kommentarfeltet på Lia gard si Facebook side, er du med i trekninga av ei julekorg med mykje god julebakst!

Les heile saka