Meteorologisk institutt melder at det er venta lokalt særs kraftige vindkast på 33 – 40 meter i sekundet frå sørvest-vest, og kortvarig sterk storm på 30 meter i sekundet på kysten. Vinden vil auke først i Møre og Romsdal, og minke sist i Trøndelag.
Les heile saka
Bak luke 18 er det og 4 gevinstar som er trekte ut. Gevinst nr 1 denne dagen er ein heimestrikka ullgenser med traktormotiv – og den heldige vinnaren er Åse Ville Redalen, så den hamnar på Kvennset i Austigarden.
Les heile saka
Etter fleire veker med meir eller mindre sprengkulde, så vart det vêrforandring med mildver og regn. Og da vart det sjølvsagt blankis og hålkeføre, både for fotgjengarar og for biltrafikken. Her i Todalen har det nok gått bra, for vi har ikkje fått rapportert uhell av noko slag. Men det har vore mange uhell på vegane på andre plassar.
Les heile saka
Trekninga for luke 17 er klar med 4 nye heimlaga og kortreiste gevinstar som skal fordelast. Den første gevinsten er eit par heimestrikka ullvottar som får ny eigar. Den heldig vinnaren er nemleg Lasse Kvande.
Les heile saka
Denne veka har siste rest av asfaltarbeid og asfaltbudsjet vore gjort unna. Kuldegrader rundt titalet er nok ikkje ideel temparatur for slikt arbeid, men kulda kom nok litt tidlegare og var meir langvarig enn forventa i år. Det var imidlertid nokre korte strekningar som det var viktig å få repararer på grunn av brøyting og vedlikehald.
Les heile saka
4 gevinstar skal også fordelast i dag etter at vi har opna luke nr 16. Første gevinsten er eit par ullvottar, der Dordi og Johan Hals er heldige vinnarar.
Les heile saka
Matkroken Todalen har kunngjort opningstidene sine fram mot jul og i romjula. Før jul vil det vere langope laurdag 23. desember, og søndag 24. desember er det kioskope. Elles er det verdt å meke seg, at laurdag 30. desember stenger butikken klokka 13:00 på grunn av vareteljing.
Les heile saka
Vi er klare med ny trekning , og er no komne fram til 15. desember og dermed er det luke 15 som er aktuell. Attafor luke 15 er det 4 gevinstar, og her vil vi presentere vinnarane. Gevinst 1 denne dagen er eit par heimestrikka sokklestar, og den heldige vinnaren er Anja og Olve Børmark i Surnadal.
Les heile saka
Stangvik sokneråd melder at det blir tradisjonell adventsgudsteneste i Forsamlingshuset på Nordvik 17. desember kl. 11:00. Alle er hjarteleg velkomne!
Les heile saka
Surnadal kommune fekk tidlegare i år tildelt inkluderingsmidler for barn og ungdom frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Eitt av desse tilboda er gratis mat på frivilligsentralen, og no blir det altså gratis kino på Surnadal kino, for barn og unge 27. desember.
Les heile saka
Surnadalsmagasinet kjem ut to gonger i året, og no er det vinterutgåva som er på tur til husstandane på Indre Nordmøre, Rindal og Orkland. Her kan du lese og bli betre kjent med Surnadal sitt allsidige og ambisiøse nærlingsliv, og om dei rike molegheitene for godt og aktivt liv på landsbygda.
Les heile saka
Ingri Bruset fanga den magiske stemninga på Toåa tursti ein novemberkveld, og har ifølge todalen.no sine lesarar teke det beste bilete i november av dei innsendte bidraga til dagens bilete. Vi gratulerer!
Les heile saka