Snøfallet på morgonkvisten kom akkurat i rett tid for å få preparert lysløypa til jul. Ståle Ansnes har køyrt på nye spor, og rapporterer om prima forhold for den som vil prøve seg på «bortover-ski».
Les heile saka
Snøfallet på morgonkvisten kom akkurat i rett tid for å få preparert lysløypa til jul. Ståle Ansnes har køyrt på nye spor, og rapporterer om prima forhold for den som vil prøve seg på «bortover-ski».
Les heile sakaDei siste åra har det vorte ein tradisjon at Idrettslaget Søya sitt medlemsblan, Søyaposten ligg i postkassen ein av dei siste dagane før jul. Så også i år, og den 53. årgangen av Søyaposten er no levert i postkassane i «Søyaland». I redaksjonen for Søyaposten 2023 har Theodor Glærum, Marit Haugen, Bergsvein Brøske, Geir Forbregd og Kristin Grønnes vore med.
Les heile sakaFredag er det luke 22 som rår – 4 nye gevinstar er trekt ut, og dermed er 4 vinnarar på plass. Den første gevinsten i dag er ein stikkahals i ull. Den hamnar hos Liv Jorunn Moe i Bekkerhagan.
Les heile sakaOgså hos Surnadal Taxi er det snart jul. Skal du ha drosje 24. desember (julaftan), må du førehandsbestille før laurdag 23. desember (lille julaftan) klokka 17:00. Det vil vere opphald i all drosjekøyring 24. desember (julaftan) mellom klokka 17:00 – 20:00.
Les heile sakaKomande natt er den lengste natta i heile året. Endeleg opplever vi vintersolsnu, slik at vi kan seie at det går mot lysare tider. Det er nok mange som er glad for at dagane blir lengre og lysare, sjølv om det ikkje går så fort i starten. Dei første dagane er det nok knapt eit minutt, men etter kvart aukar dagslengda med 6 minutt pr døgn.
Les heile sakaVi nærmar oss finalen i årets Julekalender frå TIL trimgruppa. I dag har vi trekt 4 nye gevinstar, og fått 4 heldige vinnarar som vi presenterer her. På første gevinsten har vi ei julestjerne i røyalimpregnert og med lys – her vart det Arndis Søyset som vart vinnar.
Les heile sakaFrå og med i dag, tek skulane i Surnadal kommune juleferie fram til onsdag 3. januar. Skulegudsteneste før skulane tek juleferie, er ein årvis og lang tradisjon på mange skular. Todalen og Stangvik oppvekstsenter samla seg i går til skulegudsteneste i Todalen kyrkje. Bernt Bøe har sendt oss ein liten rapport frå skulegudstenesta, som du kan lese nedanfor.
Les heile sakaRute 1061 Kvanne – Rykkjem: Viser til oppdatert pressemelding utsendt fra Fram, der det fremkommer at kaiarbeidet på Kvanne er forlenget ut januar, som følge av dette så er ny ruteplan utarbeidet og blir gjeldende inntil videre, ny ruteplan starter 21.12. Sambandet driftes fortsatt av M/F Driva.
Les heile sakaTysdag 26. desember (2. juledag) klokka 14:00 inviterer Nordvik Grendalag til tradisjonell juletrefest i Nordvik forsamlingshus. Og kanskje kjem nissen?
Les heile sakaDa har vi trekninga klar for luke nr 20 som er onsdag – nok ein dag er det 4 kortreiste gevinstar attafor luka. Første gevinsten er ein vedsekk – den hamnar på Kvennset – nærare bestemt i Andersstua. 2.-gevinsten er i dag eit par ullsokkar – her vart det Ingjerd Farstad som vart vinnar. Den […]
Les heile sakaDet blir sjølvsagt spesielle opningstider denne jula også – og spesielt mange julefilmar på kinoen. Opningstidene for bibliotek og kulturhuset varierer – om ein ser bort frå jul- og nyttårsaftan, samt 1. jule- og 1. nyårsdag. Da er huset heilt stengt.
Les heile sakaJammen var det 4 gevinster og 4 vinnarar attafor luke nr 19 også! Dermed er det berre fem luker att før vi kan runde av trekninga av årets julekalender. I dagens trekning vart første gevinsten eit par heimestrikka utvottar trekt ut til Åshild Halle i Halagrenda.
Les heile saka