3. juledag er uten tvil den største utfartsdagen i Todalen. Deltakartale varierer litt med vêret, men rekorden ligg nok rundt 180 deltakarar på runden rundt bygda. Den går enten til fots, eller med spark eller sågar også på ski. Er det blankis så er det best med piggsko eller broddar slik at ein klararer å halse seg på føttene. I å var det tidvis ganske tett snødrev, men det var faktisk ingen som klaga verken på vêret eller føret.
Les heile saka
Nordvik Grendalag inviterte i dag til si tradisjonelle juletrefest i Nordvik forsamlingshus, og det vart ei fin og stemningsfull juletrefest. Rune Måøy, leiar i arrangementskomiteen ønskte velkommen og leia forsamlinga gjennom programmet.
Les heile saka
Finn Ranes i Barne- og ungdomgruppa i Todalen Idrettslag melder at det no er nypreparert skeiseis på Bordholmen stadion, og at det er fine forhold for å gå på skeiser.
Les heile saka
Vi i redaksjonen ønskjer alle våre lesarar ei god og fredelag julehelg. Sjølv om vi tek oss tid til litt julefeiring så vil vi halde eit auge med nyheitsbildet i nærmiljøet.
Les heile saka
Bra at vi har veteranar som stiller opp på gudstenestene våre, sa Gudmund Husby , da han ønska velkomen til julegudsteneste i Todalen kyrkje. Torbjørn Brøske var prest, Bernt Bøe var organist, Gudmund Husby var klokkar/tekstlesar og Marit Glærum kyrkjetenar – alle samme er pensjonistar og fortener litt applaus!
Les heile saka
Det ligg ein feil i rutesøket for rute 1061 Kvanne – Rykkjem for 24. desember (julaftan) og 25. desember (1. juledag) på fjord1.no og i reiseplanleggaren på frammr.no. Så skal du reise og må ta ferge ein av desse dagane, så må du sjekke rutetidene nedanfor, da det er desse rutetidene som gjeld, og ikkje dei du får opp under reiseplanleggaren.
Les heile saka
Matkroken Todalen minner om opningstida i romjula- butikken er heilt stengt i to dagar – 1. juledag og 1. nyttårsdag. Vanlege dagar i romjula er opningstida 10-16, medan 2. juledag har kioskope 16-18. Avvikande opningstid har også 6. juledag da butikken stenger kl 13 for å gjøre unna vareteljinga resten av dagen. Nyttårsaften er butikken open 9-14. Drivstoffanlegget er ope heile døgnet heile jula for kortsal.
Les heile saka
Spenninga er utløyst, og luke nr 24 er opna – attafor denne luka fann vi heile 6 gevinstar som er trekt ut på julaftan. Den første gevinsten er det faktisk Kristian Gjeldnes som har vunne, og det er ein flott trebolle som er lokalt handverk av beste slag.
Les heile saka
Ordførar Hugo Pedersen i Surnadal kommune, ønsker alle god jul og godt nytt år, med desse orda: – Eg vil med dette ønske alle i Surnadal kommune ei god jul og eit godt nytt år.
Les heile saka
To dagar på rad med travel start på dagen for Todalen Mjølk. I dag har dei hatt 3 traktorar ute på brøyting og da har det gått i eitt utover morgonen, fortel Ståle Ansnes i Todalen Mjølk. Dei har ansvaret for brøyting etter fylkesvegane frå Hauahyllå og innover til Todalen og rundt bygda. I tilleg har dei brøyting på kommunevegane til Ansneset og til Kårvatn – i tillegg til mange private vegar.
Les heile saka
3. juledag er det klart for den tradisjonelle Romjulsmarsjen – med Todalen IL trimgruppa som arrangør. Som vanleg inviterer Trimgruppa på ein spasertur rundt bygda – 6 kilometer storrundt om Kvennset og med gløggstasjon og registrering på Bruset. Start mellom kl 12:00 og kl 15:00.
Les heile saka
Vi nærmar oss finalen i årets trekning av Julekalenderen. Attafor luke nr 23 ligg det også 4 gevinstar som er klare for å glede nye eigarar. Trekninga viser at den første gevinsten som er ein genser får Emil Mikal Kjersem som ny eigar.
Les heile saka