I går kveld hadde Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag invitert til balleik i gymsalen ved Todalen skule. Og responsen på invitasjonen var god, og eit tosifra ungar i grunnskulealder møtte opp for å vere med på ein time med balleik. Ola Dalsegg og Anders Gjeldnes leia balleiken. Først var det Tarzansisten som oppvarmingsøving. Etter […]
Les heile saka
Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunna dårleg vêr har sambandet vore stengt tidlegare i kveld. Det er nok ikkje kvennaferja åleine om – mange ferjeruter og hurtigbåtruter er innstilt i kveld. Dersom du skal ut å reise bør du sjekke kva ferjeruter som går på Frammr.no eller fjord1.no
Det vert normal drift i sambandet igjen frå kl. 20.50. Fjord1 vurderer værsituasjonen fortløpende utover kvelden, og sambandet kan bli innstilt på kort varsel, skriv Fjord1 i ei melding.
Ekstremvêret Ingunn har ikkje vore så hardt i vårt område, som først meldt. Det er difor bestemt at det blir vanleg skuledag, både for grunnskulen og vidaregåande torsdag. Dette vart bestemt på eit møte i kriseleiinga i Surnadal kommune no på ettermiddagen. Bakgrunnen for dette er at farevarselet for Surnadal kommune er justert ned, frå oransje til gult nivå.
Les heile saka
I dag starta «kaffekrokens venner» opp med sin vekentlege trim på Hett & Svett. Sju stykker frå gjengen, som «normalt» er å finne i kaffekroken på Matkroken Todalen, hadde møtt fram denne første gongen. Under kyndig rettleiing frå Kjell Gunnar Polden fekk dei prøve mange forskjellege øvingar i løpet av timen som var avsett til dagens trim.
Les heile saka
Det er som følge av ekstremvêret Ingunn, som når store delar av Møre og Romsdal i løpet av onsdag ettermiddag og kveld, meldt oransje farevarsel. Alle grunnskulane i Surnadal kommune og Surnadal videregåande skole, i likheit med dei andre videregåande skulane i Møre og Romsdal difor halde stengt onsdag. Elevane som går på vidaregåande får i staden heimebasert undervisning, medan grunnskuleelevane ikkje får slik undervisning.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening kallar inn medlemmene til årsmøte i Sanitetshuset tysdag 6. februar kl. 18:30.
Les heile saka
Onsdag 14. februar frå klokka 18:00 inviterer Surnadal Idrettslag Ski, i samarbeid med Sør-Trøndelag skikrets, til «Barnas Mini-VM» på Nordmarka skistadion. Utdeling av startnummer frå klokka 17:15. Det er mogleg å få låne ski, sko, stavar, med meire for barna.
Les heile saka
Måndag og tysdag var leiinga i Bindal kommune på besøk hos Talgø – det var nyvalt ordførar Frode Næsvold, kommunedirektør Knut Thoressen og saksbehandlar Camilla Brevik. Dei var på Nordmørstur i anna ærend, og tok da turen til Todalen.
Les heile saka
Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre. Det er spørsmålet Møre bispedøme og prost Vidar Wilhelmsen Rygh stiller i utlysingsteksta, når dei no søker etter prest i Indre Nordmøre prosti, med kyrkjene i Surnadal som særskild tenestestad. Stillinga vart lyst ledig også førre sommar, utan at det resultert i tilsetting.
Les heile saka
Laurdag 3. februar kjem det besøk utanom det vanlege til Kaffekroken på Hals-bua og til Todalen kyrkje. Da kjem preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit på besøk og kaffelag på Kaffekroken. Fykse Tveit skal være på Nordmøre frå torsdag til søndag, og han skal saman med sitt følgje innom fleire plassar på turen – mellom anna Tingvoll, Smøla, Kristiansund og til Averøya. Med i følgjet blir biskop Ingeborg Midttømme og prostane Vidar W. Rygh og Sindre Kulø.
Les heile saka
Todalen bøgdalag inviterer til «Skuddårsquiz» i Todalen ungdomshus fredag 1. mars klokka 20:00. Dørene opnar klokka 19:30. Quizmaster denne gongen er Endre Talgø, og bøgdalaget lover fine premiar til dei to beste laga!
Les heile saka
Plutseleg stod dei på vegkanten! Du treffer på dem på vegkanten, og da er det berre å stoppe, for både rådyr og hjort som krysser vegen kan være veldig uberegnelege og smeller det så er det du som har skulda! Søndag kveld var det 8 rådyr på vegkanten på Kvennset, og jammen klarte vi ikkje å knipse eit par bilder i lyset frå bilen og gjennom frontruta.
Les heile saka