Siste halvdel av februar – nærmere bestemt fra torsdag 15. februar til 29. februar er det kunstnerne Ingrid Forfang og Orion Righard som vil by på sin kunst i Finstua på Surnadal kulturhus. Ingrid kommer fra Norge, mens Orion tilhører broderfolket i Sverige. Åpning torsdag 15.2. kl. 18.
Les heile saka
Todalen Idrettslag er i ferd med å sende ut fakturaer for medlemskontingenten for 2024. Medlemskontingenten for 2024 er på 200,- kroner. og dei fleste får fakturaen via e-post, og mange vil finne den i nettbanken sin, og da atår det Buypass Payment AS som mottakar. Dersom det er noko du lurer på med medlemskontingenten, eller du har spørsmål, kan du ta kontakt med Endre Talgø på telefon 936 89 326.
Les heile saka
Årets første kløvertur gjekk etter allmannvegen frå Matkroken og rundt om Husby. Etter ein kuldeperiode kom denne andre måndagen i februar med plussgrader og sur landvind.
Les heile saka
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer onsdag 14. februar klokka 17:30 til ishockey og leik på skeiser på sjøisen. Oppmøte ved småbåthamna litt før 17:30. – Isen er trygg, men ungane bør ikkje gå utpå heilt åleine, så fint hvis vi blir fleire vaksne, oppfordrar Anders Gjeldnes, leiar i Barne- og ungdomsgruppa.
Les heile saka
For snart to veker sia, starta «kaffekrokens venner» med trening på Hett & Svett på onsdagar frå klokka 10:00 – 11:00. Nokre av dei som er med på desse treningane, har donert treningsutstyr dei ikkje lenger brukar heime, og i dag var Gunnar Nordvik ferdig med å montere desse på Hett & Svett. Samtidig har «kaffekrokens venner» bestemt seg for å doble treningsmengda!
Les heile saka
Isak Drøpping fekk beste tid i klasse Menn U18 – her var det start i gardstunet på Kårvatn og målgang ved Storsvaet med ca 450 høgdemeter. Han kom i mål på 21:54, som var 45 sekund betre tid enn Ive Holen som kom på andreplass – på 3.-plass kom Amund kristoffer Pedersen som var 3:26 etter. For Menn senior var det målgang på høgde 907 med ca 700 høgdemeter, og her var det Vegard Øie som fekk beste tid på 29:43 – 1:31 framfor Morten Antonsen og 1:40 etter Øie kom Bjørn Hugo Herfindal på tredjeplassen.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer kløvertur måndag 12. februar. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Det var friskt både i gardstunet på Kårvatn og oppå Dalalia frå morgonen av i dag. Men etter kvart som sola fikk litt grep så vart det meir skapeleg temperatur sjølv med litt vind. 29 ivrige randonee-entusiaster stilte på startstreken og tok ett kvart sats oppover Dalalia. For seniorane gikk løypa opp mot toppen av Tydalsnebba, medan dei andre klassane fikk nøye seg med toppane «907» og «1040».
Les heile saka
Surnadal Heimbygdlag kallar inn til årsmøte på Thon Hotel Surnadal måndag 12. februar kl. 18:00.
Les heile saka
Det var kanskje ikkje så uventa at dei tre løparane som er på randonée-landslaget hamna på sigerspallen, men spenning var det likevel under kveldens sprint i Sæterlia, der første øving i Kårvatn Skimo vart avvikla. 16 deltakarar gjorde at det vart eit forholdsvis oversiktleg arrangement.
Les heile saka
Førstkomande søndag er det både morsdag og fastelavnssøndag, så det er dagen for bådebollar og kake! Sanitetsforeninga held ein lang tradisjon i hevd og sel fastelavnsris og lerkhjarte som ein kan pynte med både ute og inne.
Les heile saka
I går kveld vart ei gaupe påkøyrd og skadd i Todalsstranda. Etter påkøyrselen for gaupa oppover på oversida av vegen og forsvann. Det lokale politiet vart varsla, og dei tok kontakt med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for å få klarsignal til å igangsette ettersøk og avliving av den skadde gaupa. Hallstein Nes og Ådne Næss Aune frå den lokale ettersøkgruppa starta raskt ettersøk for å finne den skadde gaupa.
Les heile saka