Da Ragnhild og John Moe var ute på ein trimtur i Øyalia i dag, oppdaga dei at ei av dei to største furuene var gått overende. Det var nok under siste stormen at belastninga vart for stor, og dermed måtte gi opp. Todalen.no fikk eit par bilder frå Ragnhild, og dermed tok vi kontakt med Ståle Ansnes som er grunneigar og som har god kjennskap til dei to store furuene som har heldt kvarandre med selskap lenge – kanskje så lenge som 250 år.
Les heile saka
Bjørn Kvendset nytta finvêrsdagen laurdag til å produsere litt ved. – Det skjer ved Sagtrø-saga, der han har rigga seg til med både rådvarelager og ferdigvarelag – i tillegg har han «spilder ny» kapp- og klyvmaskin som gjer arbeidet lett og rasjonellt.
Les heile saka
Måndag 26. februar klokka 11:00 er det klart for ny kløvertir. Oppmøte på Matkroken Todalen.
Les heile saka
For nokre veker siden starta «kaffekrokens venner» opp med trim på Hett & Svett, under kyndig leiing av Kjell Gunnar Polden. Dei første vekene var det trim på onsdagar, men frå og med denne veka har dei dobla mengda, så no er det trim måndagar og fredagar frå klokka 10:00 – 11:00.
Les heile saka
Surnadal kommune har no lyst fleire typar tilskot dei deler ut kvart år. I første omgang er det tildelingar frå Kleivafondet, «Henning-stipendet» og prosjekttilskott som er lyst ut for å kunne søke på. Kommune ber også om forslag til kandidatar til årets Kleivapris, som er Surnadal kommune sin kulturpris, og som blir delt ut under Kleivakvelden under Vårsøghelga. Frist for å søke på tilskottsordningane og lansere kandidatar til Kleivaprisen er 15. mars.
Les heile saka
To franskmenn på dei to første plassane og ein italiener på tredjeplass, og slik fortsett resultatlista langt nedover – dei er alle folk som kjem frå alpe-distriktet. – Ein soleklar fordel å bu i høgda når ein skal konkurrere i 2- og 3000 meters høgde. Klart vi saknar høgdetrening, seier Erik Kårvatn som forsvarte dei norske fargane i dagens WC-konkurranse.
Les heile saka
Nordvik grendalag melder at det blir årsmøte onsdag 28. februar 2024 kl. 19:00 i Nordvik forsamlingshus.
Les heile saka
Erik Kårvatn er alt på plass i Val Martello i Syd-Tirol, der han skal delta i WC i Randonee i helga. Første løpet som er individuell går av stabelen alt kl 9:30 i morgon torsdag. Val Martello ligg i Nord-Italia, ikkje så langt frå grensa til Sveits.
Les heile saka
Fredag 23. februar klokka 19:00 inviterer Stangvik Grendalag til fjellkveld med Svein i Bryå i Bondhuset i stangvik. Stangvikforfattaren Svein Sæter har skrive og redigert fleire bøker om det gode livet i fjellet.
Les heile saka
Nordmørsmusea lyser no ut årets sommarjobbar. Som kjent er Svinviks arboret ein del av Nordmørsmusea, og dei har behov for folk til kafeen, omvising og anna forefallande arbeid.
Les heile saka
Styret i Surnadal Golfklubb kallar medlemmane sine inn til klubben sitt ordinære årsmøte tysdag 27. februar klokka 19:00 i møterommet/kantina til Alti forvaltning i Surnadal. På saklista står mellom anna årsrekneskap, årsmelding og val av styre.
Les heile saka
Nest etter den årlege TV-aksjonen er fasteinnsamlinga for Kirkens Nødhjelp landets største. Sokna i Surnadal og Rindal førebur no stor innsats tysdag 19. mars. Konfirmantar og foreldre er hovudaktørar i dør-til-dør-aksjonen der over tusen av landets menigheter deltek. Kirkens Nødhjelp er gjennom sitt nettverk ein maksimalt effektiv organisasjon.
Les heile saka