Dette har hendt: Handelsmann Nordvik har brote saman etter nærkontakt med ei tom pappøskje på det bakre bakrommet. Kvifor? Det er det ingen som har skjønt enno, så her gjeld det å henge med vidare.
Les heile saka
Dette har hendt: Handelsmann Nordvik har brote saman etter nærkontakt med ei tom pappøskje på det bakre bakrommet. Kvifor? Det er det ingen som har skjønt enno, så her gjeld det å henge med vidare.
Les heile sakaGruppespel og innleiande konkurransar i sjakkturnering har pågått heile etterjulsvinteren – til saman har 17 personar delteke, og kjempa om finaleplassane. No går turneringa mot slutten, og kvar av dei to gruppene har sine finalistar klare til den store gullfinalen som går i Todalen ungdomshus laurdag 22. april kl 17
Les heile sakaTodalen Idrettslag inviterer til Kjerringdilten 2017 på Skihytta. Det skjer langfredag og rennet startar kl 13.00, melder hyttekomiteen. Kjerringdilten har ein lang påsketradisjon, men det såg lenge ut som snøen kom til å forsvinne før påske, men no er no skiføret berga iallfall dei næraste dagane.
Les heile sakaDet er påske 2017. Lufta bevar tå søget av vår og det som er i vente. Himmelen – rein og klår. På fjelltoppane ligg snøen enno grå og tjukk som luggen til presidenten over dammen. Folk drøymer om skispor med god gli i kvar ein sving, og at sola skal gje frekner og fine Dagens bilete. Her he du Todalen, ein heilt vanleg vårvinterdag – og det er på tide å ta fatt.
Les heile sakaNo blir det tursti langs elva – samanhengane sti frå Halsabrua og oppover på nordsida til Trøbakkan. Det står att litt rydding, men i kveld har motorsaga gått jamt og trutt, og det har gått hardt utover småskogen. Prosjektet fortsett i morgon ettermiddag, så har du lyst har du lov….
Les heile sakaFør påske, fram til og med onsdag er det vanleg opningstid 9.00 – 18.00. I påska er butikken open på påskeaftan 9.30 – 15.00. Skjærtorsdag og 2. påskedag er det kioskope 16.00 – 18.00, medan langfredag og 1. påskedag er butikken stengt. HalsOil drivstoff selges på kortautomaten heile døgnet heile påska. Ta påskehandelen lokalt!
Todalen sokneråd arrangerer to gudstenester i påska. Det er vanleg gudsteneste i Todalen kyrkje langfredag 14. april kl 19.30. 2. påskedag – måndag 17. april blir det friluftsgudsteneste med dåpshandling på Haugligardane kl 12.
Les heile sakaNordvik grendelag har lange tradisjonar for å arrangere seterrenn på Nordviksetra. Snø er imidlertid mangelvare, så det må bli alternative aktivitetar og barmarksøvingar, seier Ola Magne Nordvik som er leiar i grendelaget. Aktivitetar blir natursti med aktuelle spørsmål og konkurranse etter laginndeling. Starten er skjærtorsdag kl 12, og det er lagt opp til traktorskyss frå forsamlingshuset kl 11.
Les heile sakaOgså i år er vi så heldige å ha fått tilsendt ein underhaldande påskekrim frå ordkunstnar Guro Redalen. Handlinga lagt til L. Hals med handelsmann Nordvik som fyk i mellom reolane meda han ventar på at sola går ned i Kjerringholet og påskehandelen eksploderer.
Les heile sakaFor mars kan vi gratulere Ingri Bruset som vinnar av månadens bilete med «Eldorado». Det var tydeleg at mange kjende seg att i Eldoradoet, og ho fekk omtrent halvparten av dei 200 stemmene denne månaden. Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den […]
Les heile sakaFredag kveld var det premiere for boka om Nordmøre Husmorskule i Stornaustet på Halsanaustan. Det er Halsa heimbygdlag som har teke initiativ til å samle historia til husmorskulen i bokform. Ein komité har samla stoff og bilde, og Einar Oterholm har ført boka i pennen – til saman 157 sider med rikt illustrert historie.
Les heile saka