Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gudsteneste med presentasjon av neste års konfirmantar i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 14. september 2025

Søndag inviterte Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Under gudstenesta vart dei fire Todalingane som skal konfirmerast i mai neste år presentert. Liturg søndag var Pål Arne Winsnes, Torbjørn Brøske var assisterande liturg, Rannveig Brøske var klokkar og Oddveig H. Halle var organist. 

Les heile saka


Inviterer til åpent møte med foredrag

Jon Olav Ørsal Sundag 14. september 2025

Surnadal demensforening og helselag inviterer til åpent møte Surnadal sjukeheim, kantina onsdag 17. september kl 18:00, da kommer Anna Marie og Karl Laugsand på besøk.

Les heile saka


Bøt&bedring i Skulstuå i Todalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. september 2025

Torsdag 18.september kl.18 startar vi oppatt med bøt & bedring oppi Skulstuå.  Ta fram «hållåte» og slitte klede som treng å bli bøtt. Kortstokken er nyblanda og klar for eit slag amerikaner.

Les heile saka


Tiltak for Gambia: Songkveld for «Todalsbrønnen»

Bernt Bøe Laurdag 13. september 2025

Ikkje berre godt songmål, men ei flott mål-setting ligg bak onsdagens songkveld i Todalen Ungdomshus. Kor og visegrupper slår eit slag for «Todalsbrønnen» – og det i Gambia!  Visegruppa Basarensemblet frå Kristiansund, trioen Kvameratene frå Molde og vertskoret Prosjekt 17 inviterer til allsongkonsert der inntekta går til eit ideelt prosjekt.

Les heile saka

Stavgangarane med fin tur til Vindøladalen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 12. september 2025

Torsdagens inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Vindøldalen. – Kraftige vindkast, men med 20 grader i september, gjorde at det vart ein fin tur, fortel Wenche Ø. Kvendset i Stavganggruppa. 

Les heile saka


Byr på song- og musikkveld i Eidet bedehus

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. september 2025

Fredag kveld, den 12. september, byr Normisjon og Misjonssambandet på Song- og musikkveld i Eidet bedehus.  Arrangementet startar kl 18:00 og byr på både solosong, allsong, musikk, kåseri, dikt og andakt m.m.   Det blir mange bidragsytarar, – vi kan nemne Oddveig Helset Halle, Svein Volle, Vidar Rygh med fleire. 

Les heile saka

Felles brannøving med «bli-kjent-kveld»

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. september 2025

Det er ikkje meir enn ein månad sia det var ramme alvor og husbrann i Bekkerhagan, der innsatsen frå lokale brannmannskap var avgjerande for resultatet.  I kveld var brannmannskap frå Todalen, Kvanne og Surnadal samla til felles øving i Todalen – viktig å øve i lag, slik at ein blir kjent både med kvarandre, utstyret og ikkje minst kvar ein skal finne vatn til slokking rundt omkring i bygda. 

Les heile saka