Da ringer kyrkjeklokkene jula inn og julefreda er i ferd med å senke seg over bygd og by. Vi i redaksjonen i Todalen.no, Jon Olav, Dordi Jurunn, Guro og Bjørn Gunnar ønsker våre lesarar ei riktig god og fredfull jul.
Les heile saka
Da ringer kyrkjeklokkene jula inn og julefreda er i ferd med å senke seg over bygd og by. Vi i redaksjonen i Todalen.no, Jon Olav, Dordi Jurunn, Guro og Bjørn Gunnar ønsker våre lesarar ei riktig god og fredfull jul.
Les heile sakaFor mange er det julegudstenesta i Todalen kyrkje som markerer starten på julefeiringa. Dagens julegudsteneste samla eit knapt hundretal som deltok i ei triveleg og fredfull gudsteneste som ein start på ei fred full julehelg. Det var prost Vidar Wilhelmsen Rygh som som heldt gudstenesta og han hadde med seg Bernt Bøe som organist og Borghild Betten Talgø som tekstlesar.
Les heile sakaI dag er det siste trekning for TILs julekalender for 2024 – dermed er det finale for ein stor suksess som har gått over 24 dagar i regi av Todalen Idrettslas trimgruppe. Tilsaman har det vore selt julekalendrar for over 40.000, som gjev eit solid overskot til trimgruppas drift i 2025. T.I.L.’s julekalenderkomite rettar ein stor takk både til dei som har bidrege med nærare 100 kortreiste gevinstar og til dei som har kjøpt over 400 julekalendrar.
Les heile sakaNordvik Grendalag inviterer til tradisjonell juletrefest i Nordvik forsamlingshus torsdag 26. desember (2. juledag) klokka 14:00.
Les heile sakaPå julekalenderlotteriets nest siste dag er det og 5 gevinstar som skal bli forena med nye eigarar. Første gevinst ut i dag er ein flott ullgenser som var trekt ut til Unni Talgø, som bur i Tafjord.
Les heile sakaJulaftan – 24. desember – Blir det julegudsteneste i Todalen kurkje kl 16:00, med sokneprest Vidar Wilhelmsen Rygh. Organist er Bernt G. Bøe, medan Rune Moe og Borghild B. Talgø er kyrkjevertar. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet i Todalen. Salmane som skal syngast er kjente og kjære og har nummer 44, 51, 63, 27 og 48.
Todalen sokneråd ønskjer alle velkomne til julegudsteneste!
Styret i Surnadal Pensjonistlag kallar inn til årsmøte 29. januar klokka 15:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei.
Les heile sakaIver Holen sikra seg 4.-plassen under dagens konkurranse i vertikal i den italienske fjellandsbyen Crevacol. Isak Drøpping måtte melde forfall i dag, men hadde ein stor dag i går, da han sikra seg 2.-plassen i sin klasse i sprinten. Dei to var tekne ut for å delta i helgas WorldCup i alpelandsbyen Crevacol i Italia.
Les heile sakaPå ein tidleg søndagsmorgon er vi klare med trekning av 5 nye gevinstar. Dagens første gevinst er ein heimestrikka barnekjole – her vart det Britt Mossing som vart den heldige vinnaren.
Les heile sakaForskningsrådet deler i desse dagar ut millionar av kroner til innovasjonsprosjekt i næringslivet. Innanfor segmentet Skogbruk og bruk av tre deler dei totalt ut 27 millionar kroner, og den største summen i denne runden går til Talgø MøreTre, som får heile 10 millionar kroner til utvikling av miljøvennleg impregneringsmiddel.
Les heile sakaIsak Drøpping som representerer Trollheimen Fjellsportklubb og Juniorlandslaget i Randonee sikra i dag sølvmedalje 18-årsklassen under ISFM Youth World Cup. Crevacol ligg i de italienske alper på grensa mot Sveits og Frankrike. Isak gjorde eit kjempeløp og sikra seg andreplassen i dagens kvalifisering, og vidare andreplassen i semifinalen og til slutt andreplass i finalen – berre slegen av kineseren Langjia Gongsong.
Les heile sakaDei 86 trimmarane som hadde registrert seg i Trimgruppa i Todalen Idrettslag sin turappen «På tur i Todalen» hadde frå 1. oktober 2023 til og med 30. september 2024 totalt 5836 innsjekkingar på dei 27 turmåla. Toåa tursti tronar også i år på topp, med Løfta og Tjønnmyra på dei to neste plassane. 6 personar har i løpet av trimåret besøkt alle dei 27 turmåla. Dei seks er Jørgen Mæhle, Bjørn Kvendset, Jorid Haugen Ansnes, Mari Brusethaug Redalen, Kristian H. Gjeldnes og Marit Haugen.
Les heile saka