Yr.no melder om sol, svette og opp mot 29 grader og sol dei neste dagane. Det er så varmt at myggen vurderer å emigrere, og badeendene har søkt om permanent opphaldsløyve. Med slike forhold er det berre å finne fram badebrok, svømmehud og sommarhumør – for no er det badetid i bygda som har fostra både heltar og hønhalsar.
Les heile saka
Ein gjengangar i media dei siste åra, der 3 delparsellar har vore eller er under utbygging. I slutten av juni var den andre parsellen som går frå Betna til Hestnes (Valsøya) som er på 12,8 km der det aller meste av strkninga er ny veg. Tidlegare er strekninga frå Lerviklandet til Renndalen opna for trafikk, og no er siste delen frå Staurset til Stormyra under arbeid og skal opnast hausten 2026. Totalt skal det bli 28 km ny veg på strekninga mellom Betna og Stormyra når prosjektet er ferdig.
Les heile saka
Da har vi, litt forsenka, lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for juli og august 2025 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for september og oktober 2025 blir lagt ut i måadsskiftet august/september.
Les heile saka
Det blir prata mykje om både tropenetter og varmebølger, men natt til laurdag var vi nok langt unna her i Todalen. Temperaturane var på det lågast i fire-femtida her, med 12-14 grader på dei forskjellige plassane – på Hala var minimumstemperaturen 14 grader, medan maksimumsteparaturen i går var på 25 grader.
Les heile saka
Fra Bente Maalen – eks. Todaling som nå bor og virker i «trønderhovedstaden» inviterer på kino i kveld. Det er filmen Heim som Bente har produsert, som vises – i kveld kl 18:00 og siste forestilling er tirsdag kl 19:30. Bla videre og les Bentes kommentarer:
Les heile saka
Den gode sommartemperaturen har sett fart på grasvoksteren – no er 2-slåtten i gang. Todalen Mjølk starta slåmaskina i dag, og i løpet av eit par-tre dagar skal rundt 2000 mål haustes inn. Ein del skal kjøres gjennom kutteren og leggast i flatsilo, medan noko av arealet skal pakkes i rundballar.
Les heile saka
Fint vêr og redusert slipp frå Tovatna har redusert vassføringa i Toåa, men det er framleis fin bra tilhøve og god fiskarelv. Måndag stengte Trønderenergi lukene på Tovatna, og det vil nok prege vassføringa så lenge vårløysinga er ferdig og det ikkje kjem tilføring i form av regn. Midtsesongevalueringa av sesongen er unnagjort, og det er klart at laksefisket fortsett ut sesongen, seier leiar i Todalen elveeigarlag Stig Husby.
Les heile saka
NKS veiledningssenter for pårørende retter en stor takk til alle som bidro til at Ræta Opp 5. juli i Todalen ble en suksess! – Først av alt vil vi si tusen takk til deltakerne i Ræta Opp, der startkontingenten i sin helhet gikk til NKS veiledningssenter denne gangen.
Les heile saka
Onsdag kveld hadde Todalen Båtforening første dugnaden med utskifting av utstyr i småbåthamna. Eit 10-tals utriggarar som no nærmar seg 50-årsalderen skal demonterast og erstattes med nye. Ein handplukka gjeng starta arbeidet med å tilrettelegge for effektivt arbeid og sorterte utstyret som er levert frå Vik Ørsta når det gjeld utriggarane og Møre Royal til dekket frå MøreTre
Les heile saka
Det er snart berre snorkløppinga som står att for den nye brua over Kvennhuselva på vegen opp til Hjellnes. Det er det siste året pågått opprusting av vegen opp til Hjellnes i samband med Statnetts prosjekt for bygging av ny kraftlinje mellom Surnadal og Sunndalsøra. Det blir i samband med dette arbeidet etablert ein helikopterbase på Hjellnes og dette er årsak til oppgradering av vegen og altså bygging av ny bru over Kvennhuselva.
Les heile saka
Nordvik grendalag ønsker velkommen til dugnad og sosial grillkveld. Det skjer fredag 11.juli kl 18:00, med oppmøte på Lekeplassen. Du blir tildelt arbeidsoppgaver på Lekeplassen og på Øygarden, skriv grendalaget i en melding.
Les heile saka
Søndag 13. juli frå klokka 11:00 inviterer driftsstyret for Skihytta til bakels med graut og kaffe på Skihytta. Serveringa tek altså til klokka 11:00 og varer til ut på ettermiddagen rundt klokka 14:00.
Les heile saka