På slutten av Todalsdagen som vart arrangert på Bordholmen stadion laurdag, var det trekning i Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteri. Heile femten gevinstar fekk da nye glade eigarar.
Les heile saka
På slutten av Todalsdagen som vart arrangert på Bordholmen stadion laurdag, var det trekning i Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteri. Heile femten gevinstar fekk da nye glade eigarar.
Les heile sakaEin travel dag på Bordholmen er over – 34 fotballkampar og over 170 løparar har nok ein gong gjort Todalsdagen til ein festdag. Alle har kosa seg og har kunna nyte finvêrsdagen og aktivitetane på Bordholmen stadion – enten frå dei 4 fotballbanane, frå løypa for Ræta Opp – eller knaskje frå tilskodarplass. Det var mykje folk på Bordholmen i dag, sikkert mange besteforeldre og oldeforeldre som trufaste sponsorar til unge aktørar. Bra at dere er med!
Les heile sakaOm eit par timar går startskotet for Todalsdagen 2025 – Fotballcupen har første avspark kl 10.45, og vidare blir det da full rulle med fotball på 4 banar, og heile 22 lag vil delta i kampen om ballen. Vi gler oss til å sjå alle smårollingane som skal vise oss kva som er ekte fotballglede på Bordholmen stadion. Her får vi gjennom dagen sjå både 3-er og 5-erfotball gjennom fleire timar.
Les heile sakaVêrgudane var rett og slett i dårleg humør og varta opp med den eine regnelingen verre enn den andre, da Bordholmen stadion skulle gjerast klar til den den 32 Todalsdagen på laurdag. Men eit lite tjuetals personar trossa vêret og vêrgudane og møtte opp på dugnaden, slik at anlegget kunne gjerast klart til laurdag.
Les heile sakaØkonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteri held fram med førehandssal på Matkroken Todalen onsdag 2. juli klokka 10:00 – 12:00 og fredag 4. juli klokka 10:00 – 12:00. Elles er det mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926 heilt fram til midnatt fredag 4. juli. Trekninga er klokka 14:00 under Todalsdagen på Bordholmen stadion.
Les heile sakaVed middagstider tysdag, var førstekandidat Per Vidar Kjølmoen og tredjekandidat Berit Tønnesen for Møre og Romsdal Arbeiderparti til haustens stortingsval på besøk i Surnadal, der dei også hadde lagt opp til eit lite pressetreff.
Les heile sakaDu har nok for lengst fått med deg at 2025 er «Friluftslivets år». Her er nokre gaue utearrangement som går føre seg i Surnadal kommune i tida framover, og som du kanskje vil slenge deg med på: 5. juli blir Todalsdagen arrangert på Bordholmen stadion i Todalen. Der kan dei minste delta på TodalsCupen 2025, ein […]
Les heile sakaSurnadal kommunestyre gjorde i sitt møte 30. november 2017 vedtak om å opprette Brukarutval for Surnadal sjukeheim. Det tok litt tid før utvalet etablerte seg, men no har dei vore i fullt virke i fleire år. – Det er viktig for oss i Brukerutvalget at folk vet om oss, og bruker oss, seier leiar i utvalet, Mona Rita Rønning.
Les heile sakaKomande onsdag, den 2. juli og neste onsdag, den 9. jule er det dobbel omvisning i Svinviks arboret. Da blir det omvisning både klokka 12:00 og klokka 18:00. Klokka 12:00 er det ordinær omvisning med arboretet si historie, oppbygning og innhald. Den går som vandring gjennom anlegget sine hovuddeler og tek rundt ein times. Oppmøte nedanfor kaféområdet og er gratis for alle som har betalt inngangsbillett.
Les heile sakaTorsdag 3. juli klokka 18:00 arrangerer Todalen Idrettslag dugnad på Bordholmen stadion, for å klargjere anlegget til Todalsdagen, som blir arrangert laurdag 5. juli.
Les heile sakaDet er framleis ledige plassar på TodalsCupen 2025 som blir arrangert på Bordholmen stadion laurdag 5. juli. Siste frist for å melde på lag er forlenga fram til måndag 30. juni.
Les heile sakaI Bindal i Nordland går tidsrekninga på før og etter regattaen, på same måte som elgjakta i Østerdalen. Vi har iallfall høyrdt mykje positivt om regattaen i Bindal, og den har overlevd i snart 50 som kulturattraksjon og beinhard konkurranse. Talgøfirmaet Bindalsbygg/Talgø Agrobygg er sjølvsagt ein av mange sponsorar som gjer det muleg å halde fram med denne tradisjonen, som held lig i både terråk Idrettslag og i båttradisjonane som er viktige for Bindal kommune.
Les heile saka