Onsdag kveld 23. mai startar årets sykkeltrim. Oppmøte på Bordholmen frå kl 18 og utover, der du blir registrert som deltakar. Det er T.I.L.s trimgruppe som er arrangør, og dei lokkar med loddalg i lotteriet og salg av bakels, kaffe og andre kioskvarer. Finn fram sykkelen og bli med på årets sykkeltrim! Denne veka er også yr.no i storform, og melder finver og sommartemperatur så langt fram dei ser!
Todalskoret inviterer til Syng-med-oss i Todalen Ungdomshus onsdag kveld 23.mai kl 19. Dei lovar mykje og variert song. Allsongen står sentralt – med nytt og godt, gammalt stoff. Saman med Åsskard Kyrkjekor vil vertskapet også by på lett og vakker kormusikk. Det blir soloinnslag ved Øystein Moe, dikt og stubbar mellom songane og utlodning. Koret lovar veldekte kaffebord. Her finn du plakaten for nedlasting!
Rv 70 Ålvundfossen – Ålvundeid er midlertidig stengt om natta frå måndag – torsdag denne veka.
Vegen er stengt på grunn av vedlikehaldsarbeid måndag til torsdag frå kl 21:00 til 06:00 (neste dag). Utrykningskjørety og rutegåande trafikk kan passere. Gjeld frå måndag 21.05.2012 til torsdag 24.05.2012. Her kan du lesa kva Vegvesnet skriv om dette.
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag er aktive som aldri før, og denne veka skal dei til Gammelfabrikken og området rundt Storfossen, fortel Martinus Torvik i ein e-post til Todalen.no. Han skriv: «Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møtest førstkomande torsdag ved Talgø sin Gammelfabrikk i Todalen. Marsjen vil gå i fabrikken og fossen sitt nærområde. Etter marsjen blir gruppa beden inn i fabrikklakalene. Vanleg niste og utrustning. Vel møtt til gamle og nye stavgjengarar.»
Storfuglleiken vart litt annleis enn han reka med for Ola Halle. Ola er frå Hjellnes i Todalen, men bor no i Trondheim. I helga var han heime i Todalen på besøk, og skulle laurdag kveld ta ein tur til skogs til hytta til bror sin. I nærleiken av hytta ligg det ei myr der det er laga eit kamuflasjeskjul som blir bruka til å oppleve spelet til storfuglen. Da det leid mot kveld tok han plass i skjulet for å vente på at det skulle bli aktivitet, og gjorde seg klar med kamera for å prøve å få eit bilde i løpet av kvelden eller i morgontimane.
Les heile saka
Surnadal Golfklubb inviterer til torsdagstrening på Surnadal Golfpark på Mo, Kvanne. Her blir det gratis drivingrange (slagtrenining) med instruksjon og gratis runde på banen. Golfklubben ønsker velkommen til eit hyggeleg og uformelt golfmiljø på ein spennende og utfordrende bane. Surnadal Golfpark ble åpnet som 6-hulls bane 19. august 2006, og utvidet til 9-hulls sommeren 2008. Torsdagane dette […]
Les heile saka
Sunndal G16, med Brage Hauglann Talgø og Ørjan Haugen har i dag slått Rosenborg 2-1 i 3. runde i cupen. Laget er nå klare for 8. delsfinale, skriver Tidens Krav på sine nettsider.
Det stod 2-1 til pause, der Sunndal hadde føringen i første omgang, men guttene klarte å bevare ledelsen selv om trønderne skjerpet seg i andre omgang.
Les heile saka
Ved Lauvåa på Husby bygges det nytt anlegg for vassforsyning til dei rundt 50 abonnentane fra Bruvollen og Andersstua på Kvennset heilt opp til Skogstad i Hallagrenda. Anleggsarbeidet skjer på dugnad, og det har vore dugnad kvar onsdagkveld og laurdag ein månads tid no, og anleggsledar Svein Åge Saksen trur at det meste skal vera gjort om eit par veker. Denne veka har byggjing av ny driftssentral stått på programmet, og den er delvis basert på ferdige element som Kristian Gjeldnes har laga heime i garasjen.
Les heile saka
Søndag kl 15.00 spilles årets første seniorkamp på Søyabanen, da hjemmelaget Søya/Todalen møter Sunndal sitt andrelag til kamp i 5. divisjon. Våre gutter står fortsatt uten poeng etter 3 serierunder, men det har vært klar framgang spillemessig – og det er slett ikke umulig å ta poeng fra Sunndal. Håper hjemmepublikum kan ta turen til Søyabanen søndag. Vi frister med gratis inngang og åpen kiosk, skriver I.L. Søya på sin hjemmeside.
Det er nok fleire todalingar som har feira Noregs grunnlovsdag i utlandet i år også. Ei av dei er Toril Redalen som var på Færøyane for å ta del i opning av utstilling i Nordens Hus, saman med statsminister Jens Stoltenberg og følgje. Toril var der for å delta i ei kunstutstilling der ho har utstillt noko av sitt kunstarbeid, medan statministeren i tillegg besøkte Shetland og Færøyene for markere at det i år er 70 år sia den norske basen vart etablert der under krigen.
Les heile saka
Da er det klart for en ny runde med fotterapi melder Marit Sanden Søyset. Denne gangen er de oppsatte dagene som følger: tirsdag 29. mai, torsdag 31. mai og mandag 4. juni. Det er fortsatt fotterapaut Olaug Bergheim Aspill som tek turen innover til Sanitetshuset.
Les heile saka
Sjølv om regnvêret la ein liten dempar på 17.-maifeiringa, var det bra deltaking både i kyrkja og på arrangementeet i skulen etterpå. Feiringa starta med folketog frå skulen og nedover til kyrkja for å delta i gudstenesta, der vi hadde fått lånt soknepresten i Surnadal som heiter Vidar Rygh. Det var 106 tilhøyrarar i kyrkja, og det var reint så koseleg med så mange budnadskledde og med flagg som pryda kyrkjerommet. Med så mykje folk i kyrkja prega det også salmesongen som var fyldig og klangfull.
Les heile saka