Turstien som går frå Svartvassmelan og nedover langs Surna, til Alti-sentret er forlengst teken i bruk. Du kan faktisk starte ved Øyabrua og gå gjennom Brekkøya og vidare langs Svartvassmelan og nedover til Alti-sentret. Ein flott og nylaga tursti går nedover langs elva Surnas bredder, det det både er montert gatelys og det er sett ut benkar og avfallsdunker langs elvebredda.
Les heile saka
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 8. april. Start frå Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Surnadal demensforening og helselag får besøk av lege Kari Løvendahl Mogstad – håper mange møter opp til en lærerik kveld som er åpen for alle.
Surnadal demensforening og helselag driver allsidig helsefremmende aktiviteter i vårt nærmiljø. Målet er å skape trivsel, gode møteplasser og bidra til livskvalitet som det står i vår lokale brosjyre.
Les heile saka
AR Sjømat AS frå Kristiansund vil tysdag 9. april, i tidsrommet 11:00 – 16:30, ha ny salsstand utanfor Matkroken Todalen, der dei vil selje forskjellege fiskeprodukt, reker og fisk.
Les heile saka
Første laurdagen i april inviterte Todalen sanitetsforening til Fredrikkekaffe. Sjølv om sola skein og det var godver, var det heile atten kvinner samla rundt borda i Sanitetshuset.
Les heile saka
Vi vel oss april, men først kastar vi blikket tilbake på mars og kandidatane for det beste innsendte bilete denne månaden.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 6. april i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Les heile saka
Denne helga deltak Talgø MøreTre på «Hyttemessen 2024» på Utstillingsområdet på Hellerudsletta, like utafor Lillestrøm. Denne veka har messesnekkarar frå Talgø vore travelt opptekne med å rigge til messa, og no er det meste av jobben unnagjort, fortel Bjørn Sæterbø som har sendt oss nokre bilder frå innspurten av førebuingane.
Les heile saka
Tilsettingsrådet i Møre bispedøme har tilsett Pål Arne Winsnes som sokneprest i Indre Nordmøre prosti. Han skal ha sokna i Surnadal som arbeidsfelt.
Les heile saka
Dersom du lurer på kva Veidekke driv med etter vegane i Todalen, så kan vi røpe at det er inspeksjon av stikkrenner og grøter som pågår. Ole Peder Holten er utrusta med kamera, og blokk og blyant for å registrere behov for vedlikehald langs fylkesvegane rundt bygda.
Les heile saka
I dag vart det funne eit gåvekort på Todalsøra – på strekninga mellom brua over Ytteråa (ved Ørskog) og Todalsøra. Gåvekortet har pålydende kr 500 og er utstedt 28. mars. Er du den rettsmessige eigaren, så kan du ta kontakt med Matkroken Todalen.
Todalen sanitetsforening og Surnadal sanitetsforening inviterer til ope møte om kvinnehelseproblem tysdag 23. april kl. 19:00 i aulaen på Surnadal vidaregåande skule.
Les heile saka