Todalen Elveeigarlag førebur ny sesong med laksefiske i Toåa. Den største nyheita er nok at sesongen ser ut til å bli utvida med 4 veker. Det vil seie at sesongen startar frå 1. juni – altså 2 veker tidlegare og varer til 31. august, som er to veker lengre enn i fjor. Dermed er sesongen og tida likt med Surna- og Søyavassdraga.
Les heile saka
Torsdag kveld var vi ein tur innom «Bli med hit» messa på Clarion Hotel The Hub i Oslo, der nærmare 150 potensielle arbeidsgjevarar hadde laga ei flott utstilling for dei mange besøkande. Messa er eit samarbeid mellom Molde Næringsforum, Kristiansund og Nordmøre næringsforum og Næringsforeninga i Ålesundsregionen. Målet er å vise mangfold og ein svært variert arbeidsmarknad i fylket vårt.
Les heile saka
Brynjulf Jung Tjønn kjem til Surnadal bibliotek tysdag 16. april klokka 19.30. Da får du møte ein sjeldan allsidig norsk forfattar, noko som vil vere vel verdt å få med seg!
Les heile saka
På årsmøtet i Todalen Idrettslag i mars 2022, vedtok årsmøtet å bygge eit nærmiljøanlegg bak det austre målet på Bordholmen stadion. Anlegget er kostnadsrekna til litt over ein halv million, og vil bli finansiert med offentlege tilskot, eigenkapital og dugnadsarbeid.
Les heile saka
Demens – vanleg og vanskeleg var tittelen på foredraget som Kari Løvendahl Mogstad heldt onsdag kveld i regi av Surnadal demensforening og helselag. At dette var eit interessant og aktuelt foredrag var det ingen tvil om, for Kari trekte fullt hus i kantina på Surnadal sjukeheim. Det var leiar i foreninga; Liv Botten som ønska over nitti tilhøyrarar velkomne og kunne konstatere at det blir stadig fleire som blir med på arrangementa til demensforeninga – det er artig når det er så god respons.
Les heile saka
Gudstenesta i Stangvik søndag kveld er sams med Todalen og Åsskard. Konfirmantane har viktige roller. Å vera gode medmenneske er hovudtema. Forteljinga om den miskunnsame samaritanen blir presentert som drama. Dermed tek 15-åringane oppgjer med valden og mobbinga som pregar mykje av dagens samfunn.
Les heile saka
Kultureininga i Surnadal kommune har fire ordningar med søknadsfrist no 30. april. Dette gjeld kulturmidlar til lag og forsamlingshus, leige av gymsalar, hall og symjehall, tilskot til leikeplassar og tilskot til 17. maifeiringa.
Les heile saka
Dagens sprintkonkurranse i rando-WC rundar av 2024-sesongen. Tilsaman var det 5 deltakarar frå den norske landslagstroppa – Ida Waldal i dameklassen og 4 menn i herreklassen. Her starta Hans-Erik Klette, Trym Dalset Lødøen, Erik Kårvatn og Sander Engdahl.
Les heile saka
I ein e-post frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank i går, vart Todalen Idrettslag informert om at stiftelsen gjev ei gåve til idrettslaget på 20.000 kroner for å kjøpe inn nytt utstyr til oppgraderinga som er under planlegging på Hett & Svett.
Les heile saka
Endeleg vart det sol og varme! Endeleg vart det kløvertur utan luer, skjerf, ullvottar og ullstilongs! Det var godt og på tide!
Les heile saka
Fredag 12. april, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal i Lia. Våren er på gang, og å sitje i solveggen med ein kaffekopp og ein nystekt kanelsnurr eller skulebolle er fint!
Les heile saka
Turstien som går frå Svartvassmelan og nedover langs Surna, til Alti-sentret er forlengst teken i bruk. Du kan faktisk starte ved Øyabrua og gå gjennom Brekkøya og vidare langs Svartvassmelan og nedover til Alti-sentret. Ein flott og nylaga tursti går nedover langs elva Surnas bredder, det det både er montert gatelys og det er sett ut benkar og avfallsdunker langs elvebredda.
Les heile saka