Søndag 19. mai, første pinsedag frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Slettneset steinovnsbakeri til open kafe i Slettneset. Vêrmeldingane er for søndagen, er førebels ganske bra med grei temperatur, så da blir det mogleg å ta føre- eller ettermiddagskaffen i slettneset første pinsedag.
Les heile saka
Det har etter kvart vorte ein tradisjon med open dag og servering på Todalshytta på 17. mai. Grunnlovsdagen nærmar seg fort, og på Todalshytta har dei alt plana klar med ein 3-retters meny som er designa for 17.-mai, seier Arve Evensen til Todalen.no.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur torsdag 16. mai klokka 11:00. Stavgangturen denne gongen går til Haltbakken.
Les heile saka
I kveld hadde Todalen bøgdalag inviterte til ryddedugnad for å rydde vegkantane til Nasjonaldagsfeiringa. Ti personar møtte opp for å vere med. Det vart delt opp fire ryddelag som rydda alle vegkantane på kvar si side, frå Bordholmen stadion og opp til gammelfabrikken i Brusetmarka, inkludert Pilskarvegen
Les heile saka
I juni starter Surnadal jeger- og fiskerforening med nybegynnerkurs for ettersøkshunder. Kurset går over to kvelder, og er åpent både for medlemmer og ikke-medlemmer som ønsker å delta. Bla videre og les mer om påmelding og oppmøte:
Les heile saka
Stangvik historielag minner om kulturvandring til eldre husmannsplassar i ein serie som startar tysdag 14. mai. Første turen går til øydegardane Engjan og Engslettet (gnr 41 og 42) og blir ein kveldstur tysdag 14. mai med start kl 18:00. Oppmøte ved Lia bru ved Søya, der du tek av ved Trettå. Guide på turen er Erling Myrbostad.
Fjord1 melder i kveld at rute 1061 Kvanne – Rykkjem innstiller siste tur med avgang fra Rykkjem 23:25. Starter igjen til normal tid mandag morgen.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13.mai. Start frå Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Les heile saka
Det vart ei triveleg stund i kyrkja, da vikarprest Torbjørn Brøske sørga for å «gje presthanda» til dei 5 konfirmantane i Todalen kyrkje sist laurdag. Det er ei tid for alt sa Torbjørn, men dette er definitivt det siste konfirmantkullet for min del.
Les heile saka
I går kveld var det årsmøte i Todalen.no i Skulstuå i Todalen. Før det formelle årsmøtet tok til, fekk årsmøtet ei lita historisk orientering om Skulstuå i Todalen ved Ragna Kvendset. Etterpå gjekk dei ti frammøtte over til den formelle delen av årsmøtet.
Les heile saka
Fredag var det dugnad med dekkelegging på nærmiljøanlegget på Bordholmen. Gjeldnes maskin har tidlegare gjort grunnarbeidet og fylt opp med pukk og knusagrus for å stabilisere underlagt. No er det legging av filt og dekkke som blir gjort – da vi var innom var dette arbeidet kome omtrent halvvegs.
Les heile saka
I formannskapsmøtet i Surnadal sitt møte sist tysdag vart det samrøystes vedteke at Todalen Meieri AS fekk tilbod om å kjøpe Todalen skule for 1 krone. I kommunedirektøren si innstilling til formannskapet, hadde han innstilt på at Todalen Meieri AS skulle få kjøpe heile oppvekstsenteret for 650.001 kroner, men dette sa altså formannskapet samrøystes nei til. I formannskapet sitt vedtak fekk meieriet ein forkjøpsrett på Todalen barnehage, ved eit eventuelt seinare sal av denne.
Les heile saka