Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 15. august klokka 11:00 til stavgangtur til Holtasetra i Søyådalen.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 15. august klokka 11:00 til stavgangtur til Holtasetra i Søyådalen.
Les heile sakaFredag 16. august mellom klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til nytt bakeriutsal. Dette er siste helga før skulestart, så da kan det kanskje vere greit å kose seg litt med gode bakevarer før skulen tek til att?
Les heile sakaDet har vore godt vokstravêr no på tampen av sommarsesong, og 3.-slåtten er forlengt komen i gang rundt omkring i bygda. Håvard Halset seier at det er bra med gras, og no satsar han på at det som kunne vorte 4.-slåtten skal bli fine beiter om nokre veker.
Les heile sakaDen siste veka har det vore gjort ein stor innsats mot gjengroing langs vegkantane. Veidekke har drive kantslått – faktisk så langt som 6 meter frå kvitstripa enkelte plassar. Uti todalsstranda er det mannskap frå Svorka som har rydda unna kraftlinja som går utover langsetter vegen.
Les heile sakaDet er ikkje berre i Paris det er medalsjehaust – denne helga har Ola Vikan frå Nordvik delteke i Midtnorsk mesterskap i motocross i Verdal, og har gjekk han heilt til topps i klasse 10-12 år.
Les heile sakaFredag ettermiddag og kveld var det aktivitetsdag i tunet på Bruset i regi av Todalen elveeigarlag. Laget ønsker å fremme interessa for elvefiske, samtidig som det også var lagt inn andre aktivitetar i programmet. Elveeigarlaget hadde hyra inn Start 4H og Todalen idrettslag som medarrangør og denne fine sommarkvelden kom det nærare 50 deltakarar med smått og stort.
Les heile sakaTorsdag kveld inviterte Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) til «Fiskesommer» i Slettneset på Nordvik. Arrangørane, med Ola Røe i spissen hadde laga eit flott arrangement med høg trivselsfaktor og litt konkurranse.
Les heile sakaLaurdag 17. august kan du være med på sommarens finaste løpetur, lokkar Trollheimen Fjellsportklubb på sine FB-sider. Da går nemleg Kårvatn Skyrace av stabelen, og da kan du velge om du vil ta løypa på 4 km, 10 km, 15 km eller om du vil ta den heilt ut og velge løypa på 29 km.
Les heile sakaTorsdag var Surnadal pensjonistlag på stavgangtur langs Åsskardfjorden. Dette var eit nytt turmål for året, og starta på Settemsøran og gikk langs fjorden innover til Mjøksander, der det var kafferast – Johannes var med som kjentmann på turen.
Les heile sakaOm nokre dagar går påmeldingsfristen ut for Kårvatn Skyrace 2024. Der vil vi nok finne Isak Drøpping på startlista i juniorklassen. No har det vore ferietid, men den siste tida har Isak vore diskenspringar på Kårvatn Fjellutstyr – da er vegen kort til treningsturar i løypene i Dalalia.
Les heile sakaVi har tidlegare laga ei sak om stabburet i Andersstua som kan være eit av dei eldste bygga i Todalen – kanskje nærare 400 år gamalt. I dag var det lagt nytt torvtak på det gamle stabburet.
Les heile saka