Jula bankar på døra, og dette får konsekvensar for opningstida for dei kommunale tenestene. I romjula vil Surnadal legesenger, kulturhuset, biblioteket og kommunehuset ha kortare opningstider enn vanleg. Nedanfor finn ein opningstidene som gjeld for romjula 2024.
Les heile saka
Dagens trekning er unnagjort, og på gevinstbordet er det i dag 4 gevinstar. Dagens første gevinst går til Øyagrenda, der John Moe er det heldige vinnaren av eit par ullvottar.
Les heile saka
Fredag er det igjen duka for julebuffe på Todalshytta – det blir siste runde for denne gongen seier Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta og som har køyrt fleire rundar med julemat no i november og desember.
Les heile saka
Den første gevinsten av dagens 4 er ein sekk med ved – den heldige vinnaren er Jon Are Husby på Bakketun
Les heile saka
Nordvik er eit livskraftig grendesamfunn. I forsamlingshuset her møtest ofte små og store. Det gjer dei også når det er gudsteneste i adventstida. Sist søndag var det mesta fullt på alle stolane. Mange unge hjelpte prest Pål Arne Winsnes med eit tilrettelagt liturgisk program. Dei tente lys, las Juleevangeliet og andre tekster og var endatil forsongarar.
Les heile saka
Fredag 20. desember frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til siste bakeriutsal før jul. Smultringkokinga får for fullt fram til fredag, så vil ein sikre seg nykoka smultringar eller noko anne godt til jul, så kan det vere lurt å førehandsbestille innan onsdag 18 klokka 18:00!
Les heile saka
Ny dag med ny trekning – tysdagens trekning har i alt 5 gevinstar. Dagens første gevinst er ein dreid trebolle, som får Elin Tørset brøske som ny eigarmann.
Les heile saka
Som vi tidlegare har skrive, så inviterer Skulstuå i Todalen til filmframsyning på Surnadal kino fredag 27. desember klokka 16:00. Da viser dei filmen som Svein Åge Saksen laga i samband med 80-årsdagen til idretts- og kulturmannen Alf Ramsøy i 2004.
Les heile saka
Onsdag 18. desember klokka 13:00 viser seniorfilmklubben filmen The grand Budapest Hotel. Regissør Wes Anderson er ein underleg skrue som har skapt sitt eige filmunivers, med gjennomført fargebruk,iscenesetting og snodige folk i enno meir snodige situasjonar. er kanskje den meste vellukka av filmane han har gjort og filmen vann fire oscars. Onsdag opnar altså dette snurrige hotellet sine dører og det er gratis inngang for alle som har vore på filmklubb i løpet av haust.
Les heile saka
I dag har det vore konkurrert i vertikal i dei franske alpane. Det har vore 7 deltakarar frå Randoneelandslaget – ein deltakar i dameklassen og 6 i herreklassen for seniorar. Erik Kårvatn var også i dag einaste deltakar frå Trollheimen fjellsportklubb og han hamna på 43. plass, medan Trym Dalset Lødøen vart beste norske på 29. plass og Hans-Inge Klette nest beste norske på 33. plass av 95 deltakarar i herreklassen.
Les heile saka
Ny dag med nye gevinstar – i dag er det trekt ut 3 gevinstar, der dagens første er ei julestjerne i royalbehandlet furu, med innlagt ledlys. Flott sak for å heng på veggen – heldige vinnarar er Jostein Bruset og Monika Klungerbo som bur på Hjellen.
Les heile saka
I dag var det sesongstart for randoneeladslaget seniorar i Courchevel i Frankrike. Den norske landslagstroppa som deltok bestod av 6 seniorar – med Ida Waldal som einaste i dameklassen, medan det var 5 herrer som stillte til start. Lokalt var Erik Kårvatn den einaste som stillte på startstreken frå Trollheimen fjellsportklubb.
Les heile saka