Dagens første gevinst hamnar nok i Sverige etter kvart – Ein flott ullgenser vart nemleg trekt ut til Hennie White som har bestemor i Austigarden på Kvennset.
Les heile saka
Dagens første gevinst hamnar nok i Sverige etter kvart – Ein flott ullgenser vart nemleg trekt ut til Hennie White som har bestemor i Austigarden på Kvennset.
Les heile sakaDet er med blanda følelsa at han Jostu har starta førebuingane til jul. Han tykkjer at utviklinga har gått feil veg på mange frontar, og tykkjer det er på høg tid å «oppgradere» Julekveldsvisa. Samtidig ønskjer han alle ei god og fredfull jul og eit godt nyttår!
Les heile sakaSparebankstiftelsen Surnadal Sparebank vidarefører MAX-stipendet på kroner 50 000 for inntil fem personer i alderen 15 – 25 år. MAX-stipendet skal gjere det mogleg for unge talent å «MAXe» ut sitt potensiale, uansett om dette er innan kultur, idrett, kunst eller utdanning. Stipendet vart første gong delt ut i 2024.
Les heile sakaTakstmann Øyås AS er kåra til «Gasellebedrift» for 2024. Dette er tredje gongen Takstmann Øyås får denne utmerkinga, noko dei i ei pressemelding på ettermiddagen i dag seier seg særs godt nøgd med. I år topper dei det heile med ein vekst på 238,41%, noko som er eit resultat av utvikling, kompetansebygging og dedikert arbeid utført av bedrifta sine takstkonsulentar.
Les heile sakaFredag morgon fekk dei tilsette på Surnadal legesenter ei skikkeleg overrasking frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank. Styret i Sparebankstiftelsen troppa opp på legesentret med ei sjekk på over 900.000 som er øremerka til finansiering av eit ultralydapparat som gåve til legesentret.
Les heile sakaNo pågår siste innspurt med oppussing av Saniteetshuset på Kvennset. Handtverkarane er ferdige med jobben og no er det prosjektkomiteen sjølv som tek ein finpuss med å henge opp bilder og lamper. Strikkekaffen har samla inn litt penger på loddsalg som gå til litt ekstra «sters» for å sette prikken over i’en. No snakkar vi om møterommet i Sanitetshuset som har fått ein skikkeleg facelift dei siste månadene. Det er Ted & Co som har gjord mesteparten av jobben med målararbeid og legging av nytt golv i møterommet og i gangen.
Les heile sakaI dag skriv vi fredag og 20. desember – 5 gevinstar ligg klare til trekkjing på gevinstbordet. Første gevinst ut i dag er eit heimestrikka ulltrekk til tennbrikettar – det vart trekt ut på Tæljan eller hom du heller vil Talgø Gard.
Les heile sakaOppdrettsnæringa er i ferd med å ta livet av den ville atlantiske laksen, som Norge har internasjonalt verneansvar for. Lakselus, rømming og sjukdommar er tre av dei fire største truslane mot laksen. Klimaendringane er med på å forsterke desse.
Les heile saka«Tonar i julenatt» er årviss konsertoppleving i Stangvik kyrkje. Fredag kveld byr TriOpera med musikkvenner igjen på eit lekkert program.
Operatrioen består denne gong av pianist Hedda Hansen Berg og songarane Sigrid Bøe og Tonje Eero Hove. Med seg har dei tenoren Torstein Fosmo og strykargruppa Trio no Treble. Her spelar Ivan Penjin bratsj, Eivind Rossbach Heier cello og Jostein Bolås Brødreskift kontrabass.
Jula nærmar seg med stormskritt, noko som inneber litt endra opningstider hos Matkroken Todalen, og da spesielt i romjula. Fram til julaften er det «vanlege» opningstider, medan det julaften naturleg nok er kortare opningstid enn på ein «vanleg» tysdag, så julaften er det ope klokka 09:00 – 13:00.
Les heile sakaDet har vore ein lang tradisjon for ungdomane i Surnadal å treffast i rundkøyringa for å skyte opp rakettar – i fjor kom feiringa ut av kontroll, og det enda med alvorleg personskade og eit par førelegg i ei sak som enno ikkje er ferdig. Etter at nyttårsfeiringa vart det sett ned ei arbeidsgruppe som skulle vurdere tiltak for å betre kulturen med bruk av fyrverkeri i samband med nyttårsfeiringa.
Les heile sakaDagens trekning består av 5 gevinstar – dagens første gevinst er det Maren Ansnes som vart eigar av – ein sekk med tørr og fin bjørkved.
Les heile saka