Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Fredag 10. januar 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 11. januar i tidsrommet 13:00 – 16:00. 

Les heile saka


Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. januar 2025

Styret i Surnadal Arbeiderparti kallar inn til årsmøte onsdag 12. februar klokka 19:00 i kommunestyresalen på Surnadal kommunehus. Vanlege årsmøtesaker, loddsal og enkel servering. 

Les heile saka

IL Søya kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. januar 2025

Styret i Idrettslaget Søya kallar inn medlemmane til årsmøte måndag 3. mars klokka 20:00. Årsmøtet blir avvikla i idrettslaget sitt klubbhus ved Søyabanen.  

Les heile saka

Kjør forsiktig – hjorten kjem brått på!

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. januar 2025

Etter det siste snøfallet er det ein del snø langs vegane.  Spesielt er det slik trafikk der hjorten blir tiltrekt av siloballar eller andre ting som fristar.  Hjorten kjem fort det lønner seg å være oppmerksom  og førebudd når du passerer med bil.  Dei siste dagane har det vore fleire hjortar i Evja nedafor Husby, men det er også andre plassar der det ferdast mykje hjort.

Les heile saka

Test av naudvarsel onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 7. januar 2025

Onsdag 8. januar klokka 12:00 blir Naudvarsel på mobil og varslingsanlegga til Sivilforsvaret testa over heile landet. Dette er altså berre ein test, så ein treng ikkje foreta seg noko. 

Les heile saka

Lett å hamne i grøfta – svake kanter

Jon Olav Ørsal Måndag 6. januar 2025

I dag er det to biler som har hamna i grøfta mellom Nordvik og Svinvika.  Sist var det ein distribusjonsbil som hamna i grøfta utmed Bleikhammaren – eit par hundre meter utafor Svinviks arboret.  I dag tidleg var det ein personbil som hamna i grøfta nærmare Nordvik.  Årsak til begge utforkjøringane er no at bilane er komne for langt ut på kanten, slik at kanten har svikta. 

Les heile saka

Alle vinteranlegga til Idrettslaget nypreparerte

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 5. januar 2025

I dag vart det siste toppisdekket på skeiseisen på det nye nærmiljøanlegget til Todalen Idrettslag på Bordholmen stadion lagt, og Finn Ranes i dugnadsgjengen for skeiseis kan melde om fine forhold for å gå på skeiser, så da er det berre å ta fram skeisene og ta i bruk det nye nærmiljøanlegget. 

Les heile saka

Full utteljing for dag to i Myrkedalen

Jon Olav Ørsal Sundag 5. januar 2025

Trollheimen fjellsportklubb gjorde ein skikkeleg medaljehaust under dagens dagens sprintprolog.  I dag var det Aron Rodal Haugen som sikra seg gullmedalja i klasse Menn U18, medan Isak Drøpping kom på andreplass og sølvmedalje.  Aron kom inn på beste tid 13:22, medan Isak fikk tillegg 0:27 og altså nest beste tid.  På 3.-plass kom Selmer Helgeland frå Buvik IL med + 1:24.

Les heile saka

Kåring månadens bilete desember

Guro Redalen Laurdag 4. januar 2025

Før vi kan la 2024 gå inn i historiebøkene må vi ta ein kik på dei innsendte bidraga til dagens bilete i desember. Svært gode kandidatar er som alltid valt ut av fagjuryen, så då er det berre å gjere seg klar for røystinga.

Les heile saka

Markerte seg på Rando-NM på Voss i dag

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. januar 2025

Trollheimen fjellsportklubb stilte med 3 deltakarar på NM i randonee i Myrkedalen på Voss.  Deltakinga vart desverre prega av kansellerte fly på grunn av vêrtilhøva dei siste dagane.  Veldig synd for arrangementet, for arrangøren har gjort ein kjempejobb og fått på plass flotte løyper, fortel Halvor Drøpping frå Trollheimen Fjellsportklubb.  Dei tre deltakarane frå Trollheimen Fjellsportklubb viste at dei har forma inne, for  Isak Drøpping sikra seg 1.plass og Aron Rodal Haugen 2.-plassen i Menn U18, medan Erik Kårvatn sikra seg 4.-plassen i Menn senior.

Les heile saka

ReMidt sin tømmekalender for januar og februar 2025

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 4. januar 2025

Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for januar og februar 2025 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for mars og april 2025 blir lagt ut i måadsskiftet feburar/mars. 

Les heile saka