Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Randonee-EM – Aron til finalen i dagens sprint, men… – oppdatert

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. januar 2024

I dagens sprintkonkurranse vart det etter kvart stor spenning.  Både Aron og Isak kvalifiserte seg til semifinalen, og det gjorde Aron på alle beste tid. Aron gikk videre til finalen med beste tid i semifinalen, og dermed kunne vi føle spenninga helt ut i fingertuppene.  Det gikk veien også i finalen og Aron kom inn til beste tid.  Men så enkelt var det ikke – dommerne var ikke enige, og dømte 15 sekund i tillegg for Aron.  Han hadde ikke handtert fellene på riktig måte og firkk derfor 15 nådeløse sekund i tillegg.  Dermed vart det 6.-plass og medaljen måtte vike.

Les heile saka

Inviterer til «Nyttårsfest for eldre» i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. januar 2024

Surnadal demensforening og helselag inviterer til «Nyttårsfest for eldre» i Surnadal på Thon Hotell Surnadal onsdag 24. januar klokka 17:00. Det blir servert middag, desert og drikke. Det blir også underhaldning, loddsal og moglegheit til å ta seg ein svingom, for dei som ønsker det!

Les heile saka

Lokalt golf-arrangement prydar heimesida «etslagmotkreft.no»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. januar 2024

Surnadal Golfklubb  har i mange år arrangert turneringa «Et slag mot kreft», til inntekt for kreftsaka. Dette har tydeligvis vorte lagt merke til i Kreftforeningen, for no er det nemleg deltakarane frå Surnadal Golfklubb si turnering på Surnadal golfpark på Mo i 2023 som prydar heimesida etslagmotkreft.no.

Les heile saka

Test av nødvarsel på onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 8. januar 2024

Klokken 12:00 onsdag 10. januar gjennomfører politiet og sivilforsvaret ny Nødvarsel-test på mobil og med sivilforsvaret sine varslingsanlegg over heile landet, i ein felles nasjonal varslingsprøve.

Les heile saka

Randonee-EM – lokale helter måler seg internasjonalt.

Jon Olav Ørsal Måndag 8. januar 2024

Øvelsen i randonee some heiter individuelt er en krever både kondisjon, fart og nøyaktighet.  Denne uken er det Randonee-EM i Flaine/Chamonix og i dag er det individuell som går av stabelen som første øvelse.  EM som blir arrangert i Flaine/Chamonix går fram til og med 13. januar.

Les heile saka

Full fart i Surnadal alpinsenter

Jon Olav Ørsal Sundag 7. januar 2024

Det er no fine forhold i alpinsentret og anlegget er for lengst kome i gang med drifta.  I jula har det vore opningstider tilpassa skulefri og ferie, men no er ein i gang med ordinær opningstid.  Det vil seie at anlegget er ope alle dagar unnateke tysdag og fredag.  På kvardagar er opningstida 18-21, medan det på helg er ope 11-16. Opningstider kan avvike grunna vær- og føreforhold. Sjå oppdateringar på alpinsenterets Facebookside

Les heile saka

EM i Flaine/Chamonix: På tur ut i verda

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. januar 2024

EM I Randonee blir i år arrangert i Flaine/Chamonix i Frankrike i perioden  8. -12. januar. Trollheimen fjellsportklubb har i år med 3 deltakarar, og no er dei på tur, og her er dei knipsa da dei var på tur til innsjekkinga på Gardermoen i dag.  Flyturen går vidare til Genève sammen med resten av delegasjonen frå Noreg.  

Les heile saka



Godt nytt for pendlarane – siste avgang frå Rykkjem blir utsett

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. januar 2024

Som kjent foregår det arbeid på fergekaia på Kvanne, eit arbeid som fører til at siste avgang frå Rykkjem går klokka 22:05, ei avgangstid som gjer at pendlarane har store problem med å nå ferga, eller rettare sakt, ikkje når den. Da er alternativet å køyre om Kanestraum – Halsa, noko som forlengar turen med fleire mil og tek mykje lengre tid. 

Les heile saka

Det er nokon som har det verre enn vi!

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. januar 2024

Handelsmann Nordvik sitt med Adresseavisa for 3. januar, og les om Joker Røyrvik som gikk konkurs ein av dei siste dagane før jul.  Handelslekkasje er ein av grunnane til konkursen, men i fjellbygda Røyrvik er også grensehandelen eit problem.  Røyrvik har i overkant av 400 innbyggarar, og hadde berre ein butikk, så når den gikk konkurs mista dei egentleg alt – butikken, medisinutsal og posten – i tillegg til eigedomsselskapet for butikklokalet.  Strakshjelpa frå Røyrvik kommune var å sette opp buss til Namsskogan, slik at folk skulle få handle til jul.

Les heile saka

Landvindsvêr: – Rokk og fokk og is

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. januar 2024

Dei siste dagane har det vore landvind med fokk og rokk – gradstokken viser i dag 5 kuldegrader, men vind gjer at det kjennes som 11 kuldegrader skriv yr.no i si vêrmelding.  Ein liten rundtur i dag tidleg viser oss at det faktisk er slik.  Og vind skal det bli i fleire dagar, så vi får berre være glad at ikkje all snøen er laussnø – da ville det bli skikkeleg snøfokk.   I meldinga til yr.no er det meldt vind i 5 m/sek og med 15 m/sek i kasta. 

Les heile saka