For snart to veker sia, starta «kaffekrokens venner» med trening på Hett & Svett på onsdagar frå klokka 10:00 – 11:00. Nokre av dei som er med på desse treningane, har donert treningsutstyr dei ikkje lenger brukar heime, og i dag var Gunnar Nordvik ferdig med å montere desse på Hett & Svett. Samtidig har «kaffekrokens venner» bestemt seg for å doble treningsmengda!
Les heile saka
Isak Drøpping fekk beste tid i klasse Menn U18 – her var det start i gardstunet på Kårvatn og målgang ved Storsvaet med ca 450 høgdemeter. Han kom i mål på 21:54, som var 45 sekund betre tid enn Ive Holen som kom på andreplass – på 3.-plass kom Amund kristoffer Pedersen som var 3:26 etter. For Menn senior var det målgang på høgde 907 med ca 700 høgdemeter, og her var det Vegard Øie som fekk beste tid på 29:43 – 1:31 framfor Morten Antonsen og 1:40 etter Øie kom Bjørn Hugo Herfindal på tredjeplassen.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer kløvertur måndag 12. februar. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Det var friskt både i gardstunet på Kårvatn og oppå Dalalia frå morgonen av i dag. Men etter kvart som sola fikk litt grep så vart det meir skapeleg temperatur sjølv med litt vind. 29 ivrige randonee-entusiaster stilte på startstreken og tok ett kvart sats oppover Dalalia. For seniorane gikk løypa opp mot toppen av Tydalsnebba, medan dei andre klassane fikk nøye seg med toppane «907» og «1040».
Les heile saka
Surnadal Heimbygdlag kallar inn til årsmøte på Thon Hotel Surnadal måndag 12. februar kl. 18:00.
Les heile saka
Det var kanskje ikkje så uventa at dei tre løparane som er på randonée-landslaget hamna på sigerspallen, men spenning var det likevel under kveldens sprint i Sæterlia, der første øving i Kårvatn Skimo vart avvikla. 16 deltakarar gjorde at det vart eit forholdsvis oversiktleg arrangement.
Les heile saka
Førstkomande søndag er det både morsdag og fastelavnssøndag, så det er dagen for bådebollar og kake! Sanitetsforeninga held ein lang tradisjon i hevd og sel fastelavnsris og lerkhjarte som ein kan pynte med både ute og inne.
Les heile saka
I går kveld vart ei gaupe påkøyrd og skadd i Todalsstranda. Etter påkøyrselen for gaupa oppover på oversida av vegen og forsvann. Det lokale politiet vart varsla, og dei tok kontakt med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for å få klarsignal til å igangsette ettersøk og avliving av den skadde gaupa. Hallstein Nes og Ådne Næss Aune frå den lokale ettersøkgruppa starta raskt ettersøk for å finne den skadde gaupa.
Les heile saka
Fredag kveld starter Kårvatn Skimo med start kl 18:00 i Surnadal alpinanlegg, Sæterlia, der sprint er første aktivitet i Kårvatn Skimo 2024. Her er det start kl 18:00, med prolog og kvalifisering, og fortsett forløpande med heat og til slutt finale. I skrivande stund er det 16 påmeldte, men det kan enno bli fleire.
Les heile saka
Tysdag 13 . februar er det atter moglegheit for servering av ball på Todalshytta. Som vanleg serveres det både potetball og sildball i tidsrommet 15:00 til 18:00. Bestill gjerne på SMS 929 97 550.
Styret i Surnadal Pensjonistlag kallar inn sine medlemmar til årsmøte måndag 26. februar klokka 12:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral i Møbel-Biske bygget på Skei. Vanlege årsmøtesaker.
Les heile saka
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag melder at det no er fin skeiseis og gode forhold igjen på Bordholmen. – Skeiseisen er nypreparert og forholda er veldig fine, kan Finn Ranes i Barne- og ungdomsgruppa fortelje.
Les heile saka