Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hard konkurranse i verdscupen i Val Martello

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. februar 2024

To franskmenn på dei to første plassane og ein italiener på tredjeplass, og slik fortsett resultatlista langt nedover – dei er alle folk som kjem frå alpe-distriktet.  – Ein soleklar fordel å bu i høgda når ein skal konkurrere i 2- og 3000 meters høgde. Klart vi saknar høgdetrening, seier Erik Kårvatn som forsvarte dei norske fargane i dagens WC-konkurranse.  

Les heile saka


Erik til verdscupen i Val Martello i helga

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. februar 2024

Erik Kårvatn er alt på plass i Val Martello i Syd-Tirol, der han skal delta i WC i Randonee i helga.  Første løpet som er individuell går av stabelen alt kl 9:30 i morgon torsdag.  Val Martello ligg i Nord-Italia, ikkje så langt frå grensa til Sveits. 

Les heile saka

Fjellkveld i Stangvik fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. februar 2024

Fredag 23. februar klokka 19:00 inviterer Stangvik Grendalag til fjellkveld med Svein i Bryå i Bondhuset i stangvik. Stangvikforfattaren Svein Sæter har skrive og redigert fleire bøker om det gode livet i fjellet.

Les heile saka



Fasteaksjonen – berre TV-aksjonen som er større i Noreg

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. februar 2024

Nest etter den årlege TV-aksjonen er fasteinnsamlinga for Kirkens Nødhjelp landets største. Sokna i Surnadal og Rindal førebur no stor innsats tysdag 19. mars.  Konfirmantar og foreldre er hovudaktørar i dør-til-dør-aksjonen der over tusen av landets menigheter deltek.  Kirkens Nødhjelp er gjennom sitt nettverk ein maksimalt effektiv organisasjon.

Les heile saka


Spektakulært familieteater med lokale aktørar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. februar 2024

Onsdag 28. februar klokka 18:00 kjem Riksteatret, i samarbeid med Teatret Vårt til Storstuå på Surnadal kulturhus. Her viser dei Det mørke fortet, som inneheld det meste. Her er det Action, venskap, og ikkje minst Minecraft med lokale aktørar 

Les heile saka

Vinterferieutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. februar 2024

Denne veka har skulane vinterverie, så fredag 23. februar, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til vinterferieutsal i bakeriutsalet sitt i Lia. Så da blir det mogleg å få kjøpt noko godt for å markere slutten på vinterferien! For å feire vinterens ombygging i fjøset, er det tilbod på tynnlefser og grovbrød. 

Les heile saka


Kløvertur på Kvennset

Dordi Jorunn Halle Sundag 18. februar 2024

Todalen sanitetsforening inviterer kløvertur måndag 19. februar. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Les heile saka