Når StikkUT! sommer lanseres 1. mai er det til sammen 9 områder som er med på opplegget. Målet er å bli landsdekkende innen 3 år. StikkUT! som vart lansert i Møre og Romsdal i 2005 er det største folkehelsetiltaket i fylket.
Les heile saka
Når StikkUT! sommer lanseres 1. mai er det til sammen 9 områder som er med på opplegget. Målet er å bli landsdekkende innen 3 år. StikkUT! som vart lansert i Møre og Romsdal i 2005 er det største folkehelsetiltaket i fylket.
Les heile sakaStyret i Stangvik Historielag kallar inn til årsmøte i Myrvang forsamlingshus torsdag 29. februar klokka 19:00. Etter at årsmøtesakene er behandla, blir det servert mat og kaffe. Svein Sæter vil også kome for å presentere boka «Amerikabrev», boka med brev frå/til «gullkongen» Fredrik Bruseth og søskene hans.
Les heile sakaRandonelandslaget var klare på startstreken, da starten på sprinten gjekk kl 9:30 søndag morgon. Det var totalt 121 startande på prologen, der kvalifiseringa til finalane foregikk. Dei 30 beste vart med til andre runde og 12 til semifinalen og 6 til finalen. Av dei 4 norske som deltok i prologen, var det berre Hans Inge Klette som kvalifiserte seg til å bli med vidare – Erik kom på 40.-plass og var 7:19 for sent i mål til å bli med vidare.
Les heile sakaI dag har det vore Mix-stafett i Val Martello i de italienske alper. Norge stillte med eit lag – nemlig Hans-Inge Klette og Ida Waldahl, og dei to gjorde slett ikkje skap på dei norske fargane i dagen konkurranse. Etter spennende kvalifisering og finaler enda dei to på 8.-plassen på tida 41:30:52 og berre 3:13.
Les heile sakaStyret i Surnadal Pensjonistlag minner om årsmøtet sitt måndag 26. februar klokka 12:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral i Møbel-Fiske bygget på Skei. Vanlege årsmøtesaker.
Les heile sakaDa Ragnhild og John Moe var ute på ein trimtur i Øyalia i dag, oppdaga dei at ei av dei to største furuene var gått overende. Det var nok under siste stormen at belastninga vart for stor, og dermed måtte gi opp. Todalen.no fikk eit par bilder frå Ragnhild, og dermed tok vi kontakt med Ståle Ansnes som er grunneigar og som har god kjennskap til dei to store furuene som har heldt kvarandre med selskap lenge – kanskje så lenge som 250 år.
Les heile sakaBjørn Kvendset nytta finvêrsdagen laurdag til å produsere litt ved. – Det skjer ved Sagtrø-saga, der han har rigga seg til med både rådvarelager og ferdigvarelag – i tillegg har han «spilder ny» kapp- og klyvmaskin som gjer arbeidet lett og rasjonellt.
Les heile sakaMåndag 26. februar klokka 11:00 er det klart for ny kløvertir. Oppmøte på Matkroken Todalen.
Les heile sakaFor nokre veker siden starta «kaffekrokens venner» opp med trim på Hett & Svett, under kyndig leiing av Kjell Gunnar Polden. Dei første vekene var det trim på onsdagar, men frå og med denne veka har dei dobla mengda, så no er det trim måndagar og fredagar frå klokka 10:00 – 11:00.
Les heile sakaSurnadal kommune har no lyst fleire typar tilskot dei deler ut kvart år. I første omgang er det tildelingar frå Kleivafondet, «Henning-stipendet» og prosjekttilskott som er lyst ut for å kunne søke på. Kommune ber også om forslag til kandidatar til årets Kleivapris, som er Surnadal kommune sin kulturpris, og som blir delt ut under Kleivakvelden under Vårsøghelga. Frist for å søke på tilskottsordningane og lansere kandidatar til Kleivaprisen er 15. mars.
Les heile sakaTo franskmenn på dei to første plassane og ein italiener på tredjeplass, og slik fortsett resultatlista langt nedover – dei er alle folk som kjem frå alpe-distriktet. – Ein soleklar fordel å bu i høgda når ein skal konkurrere i 2- og 3000 meters høgde. Klart vi saknar høgdetrening, seier Erik Kårvatn som forsvarte dei norske fargane i dagens WC-konkurranse.
Les heile sakaNordvik grendalag melder at det blir årsmøte onsdag 28. februar 2024 kl. 19:00 i Nordvik forsamlingshus.
Les heile saka