Skulstuå inviterte fredag 16. mai til «Grand opening» av utstillinga FISK med teikningar av Ingvar. Det var stort publikumsoppmøte.
Les heile saka
Skulstuå inviterte fredag 16. mai til «Grand opening» av utstillinga FISK med teikningar av Ingvar. Det var stort publikumsoppmøte.
Les heile sakaGudstenest i Todalen kyrkje er kl 14:00, og er ein del av det offisielle programmet på nasjonaldagen. Liturg er prost Vidar W. Rygh, og organist er Amund Valde.
Denne dagen går takkofferet til Todalen Sanitetsforening.
Bårdshaugen barnehage har i mange år, den siste kvardagen før nasjonaldagen, trena på å gå i 17. maitog. Ruta dei går er frå Bårdshaugen barnehage, innom sjukeheimen, for å vise seg fram for bebuarane og dei tilsette der, før toget går til SpareBank 1 sine lokaler på Skei, før toget går attende til Bårdshaugen barnehage
Les heile sakaPressemelding frå Friluftsrådet:
Stikk UT! Stifond er midler som skal brukes til «førstehjelps-tiltak» på Stikk UT!-stier med slitasje i Møre og Romsdal, samt Heim i Trøndelag. Fondet er et samarbeid mellom Sparebanken Møre og de to friluftsråda i fylket; Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre friluftsråd.
Les heile sakaDet er mykje som kjem fram når snøen forsvinn – Veidekke er no ute med støvsugaren sin for å pusse litt rundt vegkantane og dermed redusere støvplaga. Det er mykje strøsand som er pøsa ut i løpet av vintersesongen, og noko av sanden blir nok liggande att.
Les heile sakaNordvik Grendalag ved 17. mai-komiteen inviterer til tradisjonell nasjonaldagsfeiring i Nordvik forsamlingshus 17. mai klokka 15:00. Her blir det sodd, tale for dagen, leikar for ungane og kaffe og kaker.
Les heile sakaStangvik Historielag og Todalen historielag inviterer til årets busstur torsdag 26. juni. Årets tur går til Oppdal, der det blir omvisning på bygdemuseet og på Vangfeltet (Viking-gravene).
Les heile sakaDen 14. oktober i 1980 var den første elgen felt i Todalen. Det var ein elgokse, og den vart felt innmed Falla i Gammelseterdalen, innafor Kårvatn. Det var Ragnar Halle som felte elgoksen som var 324 kg i slaktvekt. Elgoksen var slakta og partert på staden, og frakta heim til Kårvatn med ryggsekk.
Les heile sakaRundt lunchtid torsdag var Telia sin basestasjon i Todalen igjen «på lufta» med normal dekning. Basestasjonen i Todalen har vore ute av drift sia søndag kveld. Det har vore tildels stor misnøye med at det har teke så lang tid å rette feilen på basestasjonen. Telia sine kunder i Todalen har berre kunna bruke telefonen på heimebane ved å koble opp via privat wifi. Dette er uholdbart sett i ein beredskapssamanheng.
Da Surnadal Sparebank, no SpareBank 1 Nordmøre, bygde nytt hovudkontor og flytta inn der i 2010, vart alle barnehagane i Surnadal kommune inviterte til banken for å pynte dei store vindauga til 17. mai-feiringa. Dette vart starten på ein årleg tradisjon, der alle barnehagane siste veka før 17. mai blir invitert til banken for å pynte til 17. mai.
Les heile sakaNicole Nordvik og dei andre jentene på Surnadal J 17 2 lag tok onsdag kveld turen til Molde for å spele seriekamp mot Træff 1. Det vart ein målrik kamp i rosenes by og Nicole scora hattrick, og sikra dermed seier for Surnadal J 17 2.
Les heile sakaTysdag tok Fjellgruppa i Pensjonistforbudet Surnadal turen til Fløystadfjellet i Tingvoll kommune fortel Lars Gudmund Røen i ein epost til redaksjonen.
Les heile saka